Rudi-gilde

Fredag 4. august kl 20.00


- festkveld med mat og kultur

Gudbrandsdalen byr på fantastiske råvarer både av mat og kulturarv. Når velsmakande råvarer blir tilberedt av kjøkensjef Wenche Kvebu er det mange som gler seg!

Den finaste auren frå Gålåvatnet, kjøtt frå friske dyr som har beita i kulturlandskap og Gudbrandsdalske fjell, seintvoksande og smakrike grønsaker og ein dessert du vil minnes med glede!

I løpet av måltidet blir det underhaldning, og det kulturelle gjestebodet blir sett saman av spelevennene Vegard Moshagen og Øystein Rudi. Vi inviterer med oss favorittartistar til gards – herregud som vi ser fram til dette!

Velkomen til ein god kveld med Gudbrandsdsdalske smaker for mange sansar.

Mat, drikke og underhaldning kr 690,- / pers.

Treretters dølameny

Kontakt oss

Mob 913 85 388
oystein@rudigard.no

Rudi Gard
2647 Sør-fron

 

 LAST NED PROGRAMMET
Lavende saker 2017

"Må få takke for en stor konsertopplevelse på Rudi gard torsdagskvelden. Jonas Fjeld og de amerikanske gutta ga oss en forestilling vi kommer til å huske!" 

Kjersti og Rune

 

"Som innehavar av Olavsrosa er Rudi Gard ein framifrå eksponent for aktiv formidling av kulturopplevingar og levande kulturarv. Gjennom respekt for gamle tradisjonar, samtidig som vertskapet har vilje og evne til å aktualisere historia i nåtida, synleggjer Rudi Gard Norsk Kulturarvs visjon ”vern gjennom bruk” på førsteklasses vis."

Mathias Øvsteng, Norsk Kulturarv