Bli med til fjells på beitetilsyn

Tysdag 8. august kl 11.00 - 15.00

 Rudi samarbeider med fleire gardar om å halde beitedyr i fjellet, mellom Gålå og Espedalen. Dette er blant landets aller beste beiteområde, og meir enn 5000 sau og 100 storfe gjer seg feite her gjennom sommaren.

Dyra vedlikeheld fjellet, og produserer kvalitetslam mellom anna til prisvinnande Annis Pølsemakeri i Ringebu. Vi ser etter dyra fleire gonger i veka, og denne dagen kan du få bli med. Turen går i roleg tempo i fint høgfjellsterreng, og du får høyre om beitebruk og landbruk både før og nå. Ta med
niste og gjerne ein god kikkert! Vi møtes ved Gålå Handel kl 11.00 og køyrer samla til utgangspunktet for turen. Ingen billett – rett og slett
gratis.

Ting deg til et Rudi-lam til hausten

I starten av september sankar vi årets lam frå fjellbeite, og du kan nå kjøpe lam av beste kvalitet direkte. Lam blir delt opp, vakumert og gjort klart
for tilbereding på ditt kjøken. For å sikre topp kvalitet pakker vi godt mørna kjøtt i matkasser og sett dei på frys. Kvar kasse inneheld eit halvt lam,
10 kg prima lammekjøtt.

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Kontakt oss

Mob 913 85 388
oystein@rudigard.no

Rudi Gard
2647 Sør-fron

 

 LAST NED PROGRAMMET
Lavende saker 2017

"HI! My name is Christina Espey-Sundt, I live in New York State, USA. My mother is from Norway and we visit family every summer. Last summer we came to Rudi Gard with my aunt and cousins and saw Odd Nordstoga. It was one of the BEST concerts I have ever been to. He and his band were so great! I was just wondering if you were planning to have Nordstoga at Rudi Gard this summer (2005). Thanks for you help! " 

 

"Hei. Jeg må bare takke tilbake for en kjempekveld. Det var suksess. Superlativene var mange. Alle var så fornøyde. Dere er utmerket vertskap. Og musikken!! Fantastisk. "

Vennlig hilsen Tannhelsetjenesten, Oppland fylkeskommune