Tett på Mads Erik Odde

Onsdag 24. mai kl 20.30. Ope gard frå kl 19.00

Mads Erik Odde (f. 1991) frå Garmo i Lom er ein av dei fremste utøvarane i landet på sitt instrument. Mads Erik er kjent i konstellasjonar som blant anna Lendmenn, FIRO, Brødrene Odde og Odde/Nilssen, og er elles mykje brukt som dansespelemann og instruktør. Han har utdanning
frå Landslina for folkemusikk ved Vinstra Vidaregåande Skule og Norges Musikkhøgskule, der han fullførte bachelor våren 2015. I tillegg til å arbeide som musiker og musikkpedagog, går Mads Erik nå mastergradstudiet i folkemusikkutøving ved Norges Musikkhøgskule. Denne kvelden på Rudi Gard skal Mads Erik spele den tredje av fire masterkonsertar. Temaet for konserten er nyare slåttar i tradisjonell stil, som Odde har arrangert for akkordeon. Eit variert program blir presentert, og vi får høyre slåttar komponert av blant andre Tom Willy Rustad, Aslak Brimi, Jo Asgeir Lie og Mads Erik sjølv. 

Billett kr 190,- / gratis under 18 år.

Gardskafé

 

Onsdag 24. mai, kl. 20:30
Ope gard frå kl 19.00

Tett på mads Erik Odde

Billett kr 190,- / Gratis u. 18 år

Kjøp billett

Kontakt oss

Mob 913 85 388
oystein@rudigard.no

Rudi Gard
2647 Sør-fron

 

 LAST NED PROGRAMMET
Lavende saker 2017

Takk for tilskipinga av ein herleg konsert i eit fantastisk gardstun. Dette som døkk er i ferd med å få til er mest ikkje til å tru ! Nok ein gong takk for storarta innsats for bygdelivet!
Helsing frå andre sida av Rondom

 

"Det er ikke stort mer å si at det er et suverent sted med fantastisk atmosfære. Og ikke minst Øystein og frue som serverer sjølfiska fisk på kjøkkenet. Da ligger alt til rette for en suveren konsert." 

Hilsen Jonas Fjeld!