Damer på opptur

Kari Hanne Rudrud, Randi Marie Steig og Ida Rønshaugen

Søndag 28. mai kl 20.30. Ope gard frå kl 19.00

Møt unge og dyktige damer på opptur. Dei kjem alle frå dalens aktive musikkmiljø, og med talent og viljestyrke tek dei ekstra steg framover.
Denne kvelden byr dei på kvar si avdeling, og avslutter i samklang – rett og slett av det beste dalen har å by på!

Billett kr 250,- / 100,- under 18 år.

Kari Hanne Rudrud er frå Fåvang og har klassisk sangbakgrunn frå Vinstra Videregåande skule, solistkurs ved Complete Vocal Institute og sangundervisning hos Solveig Kringlebotn. Kari Hanne har også også stor glede av andre musikksjangrar, og er mykje brukt som solist i musikklivet i
Gudbrandsdalen 

Randi Marie Steig Randi Marie er vokalist og låtskrivar, og er kjent for ei kraftfull og karismatisk stemme. Ho har medvirka i ei rekkje prosjekt frå Blues Brothers band til gospel. Sommaren 2017 gir ho ut sitt første soloalbum. Randi Marie bergtek publikum med ærlege og sårbare tekster og musikalske farger frå country, rock og blues.

Ida Rønshaugen Sør-Fronsjenta Ida skaper nye og spennande lydlandskap på sitt rykande ferske andre album «Storm». Ho er åleine på scena med
sin loop station, og glitrande saxofonar blander seg med kalimba, perkusjon og vokal i nye og spennande lydlandskap.

Gardskafe

Søndag 28. mai, kl. 20:30
Ope gard frå kl 19.00

Damer på Opptur

Billett kr 250,- / 100 u. 18 år

Kjøp billett

Kontakt oss

Mob 913 85 388
oystein@rudigard.no

Rudi Gard
2647 Sør-fron

 

 LAST NED PROGRAMMET
Lavende saker 2017

"Må få takke for en stor konsertopplevelse på Rudi gard torsdagskvelden. Jonas Fjeld og de amerikanske gutta ga oss en forestilling vi kommer til å huske!" 

Kjersti og Rune

 

"Takk for tilskipinga av ein herleg konsert i eit fantastisk gardstun. Dette som døkk er i ferd med å få til er mest ikkje til å tru ! Nok ein gong takk for storarta innsats for bygdelivet!"

Helsing Storm Øyen frå andre sida av Rondom