100-årskonsert for Hans W. Brimi

Laurdag 10. juni kl 20.30

Hans W. Brimi ville fylt 100 år i 2017. Denne kvelden vil spelmenn frå Gudbrandsdalen saman med tilreisande spelemenn hylle minnet etter ein av våre aller største spelemenn gjennom tidene. 

Blant dei spelar og fortel til ære for Hans W er: Jon Faukstad, Ole Petter Hansen, Amund Bjørgen, Geirr Lystrup, Mari Eggen, Sven Nyhus, Jo Asgeir Lie, Landslinja i folkemusikk på Vinstra, Bjørn Kåre Odde, Lom Spelemannslag, Nye Ringnesin, Aslak Brimi, Rolv Brimi, Leif Rygg, mfl.

Programleiar: Ivar Odnes. Og etter konserten blir det dans og folkeliv.

Bill kr 250,- / gratis under 18 år.

Godt frå Rudi-grillen

Laurdag 10. juni, kl. 20:30

100-årskonsert for Hans W. Brimi

Billett kr 250,- / Gratis u. 18 år

Kjøp billett

Kontakt oss

Mob 913 85 388
oystein@rudigard.no

Rudi Gard
2647 Sør-fron

 

 LAST NED PROGRAMMET
Lavende saker 2017

"Tusen takk for heilt uslåeleg mottaking. Veret var bra, den nye scena var topp og publikum var i tillegg til å vera i hopetal veldig trivelege dei også. Det vart ei kort men god vitjing i Gudbrandsdalen. Vonar at denne musikken kan vera velkomne i dei trakter også ein annan gong. "

Beste helsing Odd Nordstoga

 

"Som innehavar av Olavsrosa er Rudi Gard ein framifrå eksponent for aktiv formidling av kulturopplevingar og levande kulturarv. Gjennom respekt for gamle tradisjonar, samtidig som vertskapet har vilje og evne til å aktualisere historia i nåtida, synleggjer Rudi Gard Norsk Kulturarvs visjon ”vern gjennom bruk” på førsteklasses vis."

Mathias Øvsteng, Norsk Kulturarv