TORSDAG 6. JUNI - KL. 20.30

Humortrioen Kveli Rånes Bremseth presenterar

Humor & Kanari

06.06.24

”Artighet varer lengst” og ”En god latter forlenger livet” er slåande motto for Kveli Rånes Bremseth.

I årevis har trioen vore omreisande i humor, og fleire titusen skakkflirte publikummere har opplevd KRB. Å ta pulsen på samfunnet, og gi eit pusterom i ein krevjande kvardag er litt av motivasjonen bak. Med utgangspunkt i Trøndelag spelar dei aller mest i Midt-Norge. Dette blir faktisk einaste kvelden sør for Dovre med denne forestillinga, og det er duka for ein suveren aften med reinhekla latter og glede. Velkome!

Billett kr 450,- / 100,- u. 18 år

Kveli Rånes Bremseth har køyrt mange mil i turnébussen med suksessforestillinga «Artighet varer lengst». Så langt er den sett av over 15 000 personar frå setet i ein kultursal, og cirka 200 000 på TV-skjermen frå sofakroken. Nokre av desse timane har humortrioen brukt til idékasting og -forkasting for å kome fram til grunnlaget for ei ny forestilling.

"Vi har laga eit show slik som vi likar det sjølv. Det har fått tittelen HUMOR & Kanari, og tittelen fortel om ei blanding som er original og humoristisk. Merkelappen «humormusikalsk underhaldning» passar framleis, men måten det blir servert på er nyskapande. Vi vil til dømes i større grad enn før ha med aktuelle og lokale poeng", seier trioen.

Arnt Egil Rånes, Harald Morten Bremseth og Sigmund Kveli kan vidare friste med fleire nye karakterar som formidlar deira særegne humor. Nokre kjente og kjære figurar får også vere med vidare. "Vi har merka oss at vårt trufaste publikum likar at vi trekker trådar til tidlegare framføringar, men kan garantere at dei som no ser eit KRB-show for første gong også vil ha fullt utbytte," seier Sigmund Kveli frå skrivestua.

"Vi prøver å ta pulsen på samfunnet vi opplever rundt oss, og vil gi eit pusterom i ein kvardag som er krevande for mange. På scena gjer vi også plass til eit fysisk kommentarfelt der tullingane slepp til," lovar Harald Morten. "Vi har erfaring med at publikum likar at vi av og til hamnar utanfor manus og må ro oss i land med tvilsame improvisasjonar. Vi har derfor sett oss som mål at kvar einaste framføring skal skille seg litt ut frå den førre, så kvar vi ender til slutt er ikkje godt å vite," avsluttar Arnt Egil Rånes.