FREDAG 24. NOV KL. 18.00

Årets julekonsert med KORK, Kim Rysstad og gjester

24.11.23

I fjor Oslo Spektrum – i år Gudbrandsdalen og Rudi Gard!

Opptak av konserten blir sendt på eit fargefjernsyn nær deg fredag 22. desember kl. 20.05.

Det er ei god fjør i hatten, og eit gledeleg og spennande oppdrag når NRK 24. november spelar den tradisjonelle julekonserten frå Rudi Gard. Og det er ei glede å opne garden for konsert og tv-opptak med heile landets orkester, gjester og eit stort publikum.

Hovudartist ilag med KORK er Kim Rysstad. Gjennom solid innsats i NRKs Stjernekamp song han seg inn i den norske folkesjela, og Kim har med seg sin faste gitarist Trym Bjønnes og fleire fine gjester. Dei unge si stemme blir bore fram av dei syngjande og felespelande tvillingane Hanne og Synne Kjøk og folkesangeren Martin Steinum Brun, alle frå Gudbrandsdalen. Den prisbelønte sørsamiske joikaren og songaren Marja Mortensson frå Svahken Sïjte i Engerdal gjestar scena, og dirigent for det heile er Karl Johan Ankarblom.

Førjulstid i Gudbrandsdalen ER julestemning, og vi sper på med smaker og opplevingar før og etter konsert. Det blir gode småsmaker frå Rudi-kjøkenet, frå Anni’s pølsemakeri og Jotunheimen Fisk. Fron Lasskjørarlag kjem med hest og Eventyrlege Opplevelser bidreg med akkurat det - godsaker både for ganen og sjela altså!

Velkome til ei storhending i Rudilåven!

Samarbeidsparter for dette arrangementet

Sparebank 1 Gudbrandsdal

Gudbrandsdal Energi Holding

Norsk Kulturråd

Regionrådet for Midt-Gudbrandsdal

Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal

Praktisk informasjon:
Dato:
24.11
Pris:
790,-
Konsert:
18.00
Ope gard:
16.30