FREDAG 15. SEPT KL. 19.00

I REGI AV KULTIVATOR OG MUSIKK I INNLANDET:

Løft meg

15.09.23

Løft meg er eit samarbeid mellom Musikk i Innlandet og Kultivator, og framført av det Oplandske folkemusikkregiment. Det er ei fabulerande konsertforestilling som tek opp dei store spørsmåla i livet og kor vanskeleg det er å vera menneske, gjennom møtet med ein ung mann som fortel oss om livet sitt.

Det Oplandske folkemusikkompani har rekruttert eit stjernelag til denne oppsettinga. Forestillinga viser det store mangfaldet ein finn i folkemusikken i Innlandet, her er alt frå slåttespel til religiøse folkeviser, skillingsviser, balladar og bånsullar. Musikken speglar òg mangfaldet av tradisjonsberarar og opphavspersonar med musikk etter prestesønn, husmann, bonde og taterslekt, og dessutan nyskrevet musikk av Vegar Vårdal.

Ordinær | 295,-

Honnør / Student | 220,-

UngINN | 100,-

Ledsagerbevis | 0,-

Om forestillinga:

Ein ung mann fortel oss om livet sitt. Eit heilt vanleg liv som han har rota til. Kvifor får han det ikkje til? Kor gjekk det gale, og kvifor var det akkurat han som kløna det til? Eller var det livet som kløna det til for han? For om livet er så vanskeleg, så kan det da ikkje vera skulda hans at han ikkje fekk det til?

Dei aller fleste kjenner den snikande kjensla av å ikkje vera god nok. Å ikkje strekke til. Alt for mange unge i dag ber desse kjenslene med seg kvar dag. Viktige kjensler, men også farlege kjensler. Forventningar om korleis ein skal sjå ut, korleis ta plass, korleis opptre og kravet om evig lykke kan vera kvelende. Da blir livet gitt liten plass og alt for lite rom for å lære.

For skal ein lære å vera menneske gjennom livet, må det òg vera rom for å trø feil på stien. I tett samspel mellom musikk, song, dans og forteljing blir publikum invitert med på ei reise. Utfordringane i livet kan vera overveldande, og alle kan føle seg åleine iblant. Da er det godt å veta at vi er fleire. Livet er krevjande, men det er òg det beste vi har.

Praktisk informasjon:
Dato:
15.09
Konsertstart:
19.00
Ope gard:
18.00
Medverkande:
Oplandske folkemusikregiment er ei nyskapning på musikkfeltet, og skal vera ein stad for å eksperimentere og utøve større folkemusikalske prosjekt. Regimentet består av rekrutterte styrkar med folkemusikarar, songarar og dansarar frå Innlandet. Troppane samlast og blir organiserte for kvart felttog.

Bjørn Kåre Odde er musikar og komponist, og speler fele og bratsj. Han er frå Garmo i Lom, men er busett i Vågå. Han debuterte med albumet FolkChamber i 2021, der vakre, enkle og underfundige melodiar blir ikledde varm stryk i arrangementa. Bjørn Kåre var årets folkemusikar i 2019 og har utmerkt seg dei siste åra med arrangementa sine av folkemusikken, m.a. for Sinfonietta Innlandet, Schola Kantorum og Kringkastingsorkesteret.

Vegar Vårdal er komponist, musikalsk leiar og felespelar. Han er busett i Vågå og med utsikt til Jotunheimen komponerer og arrangerer musikk med folkemusikken som utgangspunkt. Han er omtalt som ein sprettball med fele, og musikken han så vakker at det gjer vondt, og til Løft meg har han laga musikk som spenner vidt. Vegar har master i folkemusikk frå Noregs musikkhøgskule, og over 20 års erfaring som utøvar, komponist og pedagog og vart i 2020 kåra til årets folkemusikar.

Anders Lillebo er frå Engerdal, og har skapt sitt eige musikalske univers med impulsar frå keltisk og nordisk tradisjonsmusikk, saman med ein sunn dose jazz. Han måtte over Nordsjøen før han vente tilbake og for alvor vart kjent med norsk folkemusikk og lokale tradisjonar frå heimplassen. I 2021 kom plata Engerdal der han i samspel med felespelar Sigrid Stubsveen spelar slåttar på munnspel og trøorgel.

Åsmund Reistad er ein norsk gitarist og komponist. I 2021 gav han ut soloplata 89% folkemusikk, som er ei presis skildring av spelestilen. Her er det mykje tradisjon og folkemusikk, men likevel friskt og nytt, med nikk til andre sjangrar. I full utfoldelse spenner Åsmunds gitarspel alt frå lyriske og stemningsfulle melodiar til heftig og rytmisk dansespel.

Mari Midtli er songar frå Sel, og ein viktig formidlar av folkesongen frå Gudbrandsdalen. Ho debuterte i 2019 med soloalbumet «Dalen», og hennar nyaste utgiving er eit samarbeid med Astrid Sulheim, ei felles soloplate med songar og slåttar knytt til kvinner. Med den klare stemma si er Mari ein meister til å formidle tekst, og ho har vore solist med både Trondheimssolistene og Kringkastingsorkesteret, i tillegg til ei rekkje samarbeid med andre folkemusikarar.

Tuva Færden er musikar og dansar og har hardingfele, vokal og lyre som instrumenta sine. Med eit ope sinn hentar ho inspirasjon frå alle hjørna i verda, og musikalske linjer på tvers av landegrenser. Tuva skaper magi i nærværet sitt på scena og i kommunikasjonen sin med publikummet sitt, og har lang erfaring frå ulike produksjonar, og er i sommar med på Västanå teater si oppsetning Solens dottar.

Jon Bugge Mariussen er dansar og perkusjonist. Han var den første som gjekk folkemusikklinja på Vinstra med dans som hovudinstrument, og heldt fram vidare til kunsthøgskulen i Oslo. Med den særeigne stilen sin og utforskande koreografi er han med på å skapa nye uttrykk i den sceniske dansen. Jon har vore med på oppsetningar på Västanå teater og hatt rolla som fuglen på Det Norske Teaterets oppsetning av Fuglane.

Sten Bjørge Skaslien Hansrud er frå Grue i Hedmark. Han er utdanna skodespelar frå Høgskolen i Nord-Trøndelag, og har ei rekkje oppsetningar bak seg. Han har hatt ulike roller i fleire historiske spel, og har i år både regi og hovudrolle i spelet om brannen i Grue kyrkje i 1822. I 2021 framførte han monologen Ondskapen av Jan Guillou, ei sterk forteljing om ein valdeleg og utagerande gut.

Ingrid Lingaas Fossum er frå Valdres, og speler langeleik, syng og dansar. Ingrid har ein forkjærleik for det tradisjonelle langeleikspillet, men går ikkje av vegen for å utforske nye moglegheiter, og har gitt ut eigen musikk i samarbeid med musikarar frå Tanzania. I 2022 vart ho vald til Hilmartalentet, eit toårig talentprogram i regi av Hilmar-stiftinga. Her får ho utforska musikken i samarbeid med mentor Vegar Vårdal, og presentert nye prosjekt. På turneen er ho første reserve.

Gaute Sortland er forfattar, songar, gitarist og låtskrivar. Han debuterte som forfattar med romanen Johan i 2009, ei forteljing om det å mista og å leva vidare. I 2019 kom novellesamlinga Du er ikkje normal, som med innsikt, humor og melankoli utforskar det å stå utanfor. Gaute er òg vokalist og låtskrivar i Bergen mandolinband, eit band som med norske tekstar speler amerikansk folkemusikk.

Vegard Moshagen driv Moshagen lyd og produksjon, og har ansvar for lys og lyd på framsyninga. Med base på Vinstra har han lang erfaring med å setja lyd og lys på små og store scener.

Mette Vårdal er historikar og filmskapar frå Vågå, og har ansvar for regi, kostyme og scenografi.