Lokaler for arrangement

Rudilåven

Nye Rudilåven opna i 2009. Saman med fjoset, silogalleriet og låvepøbben utgjer låven omlag 1000 kvadratmeter med gode lokaler for eit stort spenn av arrangement. Rudilåven er bygd i grovt tømmer, og du sitt under ein spesiell takkonstruksjon av massivt rundtømmer. Mot dalen er det panoramaglas med flott utsikt over Gudbrandsdalen. Vi står for teknisk utstyr som scene, lyd og lysanlegg til alle arrangement. Låvepøbben, fjoset og garderober ligg i direkte tilknyting til låven.

Litt om dei ulike alternativa for oppsett: 

Forestilling med sitjande publikum.

Låven har 470 nummererte sitteplassar inkludert galleri på sidene og bak. Oppsett og nummerering er fleksibelt, og på den måten kan vi tilpasse størrelsen på salen slik at denne alltid blir intim. 

Storkonsert med ståande publikum

Nokre arrangement som eignar seg best for ståande publikum. Da rydder vi ut alle stolar i salen, men det er fortsatt sitjeplassar på galleri. Ved slike store arrangement er oftast heile tunet og dei andre låvane også i bruk. 

Intimkonsert eller seminar

Låverommet kan lett delast i to, og vi sett da gjerne opp ein flyttbar amfi som rommer inntil 120 personar for foredrag eller kulturopplevingar. Den andre halvdelen kan da nyttast til serveringslokale.

Gjestebod og selskap

Vi kan dekke til 250 personar på eitt plan. Med storslått utsikt over Gudbrandsdalen ligg alt til rette for god stemning.

 

Fjoset

Fjoset er sett i stand til serverings- og utstillingslokale. Her kan feststemte gjester benke seg omkring Gudbrandsdalens lengste langbord. Med småbord i tillegg kan vi ta imot 100 personar til bords her. Ytterste delen av fjoset er veleigna møte- og serveringslokale for inntil 40 personar.

 

Gamlelåven

Dette var hovedlokalet til og med sommaren 2007, og når den nye låven skulle byggast lagde vi ny tomt og heiste denne til ny tomt nederst i tunet. Gamlelåven er god å ha til servering, foredrag og konsertar i den varme årstida. o

 

Tryskarlåven

Gamal låve frå omkring 1850 som er sett i stand slik at vi kan ta inntil 100 personar til servering i dette lokalet. Tryskarlåven er spesielt mykje nytta i samband med firmaarrangement og matservering i forkant av offentlege arrangement om sommaren. Låven har triveleg atmosfære med dei gamle tømmerveggane inntakte og med gamal redskap frå jordbruksdrifta på veggane. Og Tryskarverket står fortsatt på plassen sin i andre etasje, under kjøringa.....

 

Utsiktsverandaen

Nybygd veranda frå 2004 med god utsikt over bygda. Blir ofte brukt til mottaking, velkomstdrink og servering på vindstille godværsdagar

 

Utescena

Utescena brukes både til store utandørskonsertar som på bilde under, men også til mindre firmaarrangement, foredrag, barneforestillinger med meire. Midt i kulturlandskapet - ei ekte oppleving!

Kontakt oss

Mob 913 85 388
oystein@rudigard.no

Rudi Gard
2647 Sør-fron

 

 LAST NED PROGRAMMET
Lavende saker 2017

"Som innehavar av Olavsrosa er Rudi Gard ein framifrå eksponent for aktiv formidling av kulturopplevingar og levande kulturarv. Gjennom respekt for gamle tradisjonar, samtidig som vertskapet har vilje og evne til å aktualisere historia i nåtida, synleggjer Rudi Gard Norsk Kulturarvs visjon ”vern gjennom bruk” på førsteklasses vis."

Mathias Øvsteng, Norsk Kulturarv

 

Et flott sted, koselige folk og trivelig stemning...
Hilsen Mildri