Setra 4

Rudisetra

Valseter ligg like ved Gålå. Her kan du bo fredeleg i setergrenda mellom to idylliske fjellvatn. Det er kort veg til ei rekkje aktivitetar sommar og vinter. Setra ligg like ved høgfjellsscena der Peer Gynt samlar over 10 000 teaterinteresserte kvar haust i august. Alle hyttene har innlagt strøm, er utstyrt med dekketøy, kjøleskap og kokemoglegheiter, radio og sengetøy.


Reservasjon av hytter på Rudisetra:
Rudi Gard v/ Nina og Øystein Rudi
Tlf 913 85 388
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

SeletSelet

Selet er på 80 m2 og er oppført i 2000 av grovt furutømmer frå eigen skog. Selet har stuggu, kjøkenkrok, baderom, to soverom med dobbeltseng, ei av desse breidde 120 cm. Sovekrok med kort seng for barn, og hems med madrasser. Strøm og innlagt vatn.


 

Steinbu 1Steinbua

Steinbua er bygd i 2004 og fungerer som eiga hytte eller anneks til selet. Hytta er på 25 m2, og har kjøkkenkrok med lite spisebord, peiskrok med hjørnesofa, to innebygde dobbeltsenger med bredde 120 og hems over. Soveplass til inntil 6 personerUtedo. Radio. Vedskåle og utedo rett ved sidan av huset.


 

Vinterstuggu og ysthusVinterstuggu

Vinterstuggu er oppført i 1985, og er på 60 m2. Hytta har stuggu med peis, kjøkkenkrok, to soverom, eit med brei enkeltseng og eit med dobbeltseng samt ei enkeltseng. Utedo.


YsthusetYsthuset

Ysthuset er oppført i 2004. Bto areal 25 m2. Hytta har eitt stort rom med vedomn og ystepanne, kjøkkenbenk og spisebord, gode stoler fra Krogenæs og køyeseng med 120 bredde nede og 75 cm oppe. Hytta er utstyrt med nødvendig inventar, kjøleskap og hybelkomfyr, bestikk og dekketøy, dyner og puter. Sengetøy kan leiges. Innlagt strøm, men ikkje innlagt vann. Utedo. Radio. Ikkje TV. Vinterstuggu, samt fjøs med vedskåle og utedo ligg rett ved sidan av huset.

Kontakt oss

Mob 913 85 388
oystein@rudigard.no

Rudi Gard
2647 Sør-fron

"Takk for tilskipinga av ein herleg konsert i eit fantastisk gardstun. Dette som døkk er i ferd med å få til er mest ikkje til å tru ! Nok ein gong takk for storarta innsats for bygdelivet!"

Helsing Storm Øyen frå andre sida av Rondom

 

"Gode fellesarenaer blir stadig viktigere - på Rudi er det gode felles opplevelser på rekke og rad!"

Adm. direktør Bjarne Slapgard, Gudbrandsdal Energi