Spelemann

Portrett Øystein

Øystein starta å spelle fele i Sør-Fron Spelemannslag i 1977. Han har vunne landskappleiken tre gonger og har fire Spellemannsprisar i klassa for folkemusikk.

Frå 1997 har gruppa KVARTS vore det musikalske hovedankeret. Gruppa har gjeve ut fleire cd'ar, og har vorte tildelt Spellemannspris for to av desse. Gruppa har hatt mange oppdrag i Norge og i utlandet, og har brukt folkemusikken på mange scener der denne sjeldan er presentert. KVARTS har også laga bestillingsverk mellom anna til Førdefestivalen, Den Norske Folkemusikkveka og Vossajazz. KVARTS har dei siste åra hatt spennande musikalske samarbeid med artistar som Jonas Fjeld, Sondre Bratland, Kringkastingsorkestret, Ragnhild og Eldbjørg Hemsing, Henning Kvitnes med fleire.

Ole Bull Akademiet har vore fast oppdragsgjevar i fleire år, og Øystein har der undervisning om feletradisjonen i Gudbrandsdalen. Dei siste åra er fela alltid med ved foredrag og kulturinnslag for bedrifter.

Kontakt oss

Mob 913 85 388
oystein@rudigard.no

Rudi Gard
2647 Sør-fron

 

 LAST NED PROGRAMMET
Lavende saker 2017

"Det er ikke stort mer å si at det er et suverent sted med fantastisk atmosfære. Og ikke minst Øystein og frue som serverer sjølfiska fisk på kjøkkenet. Da ligger alt til rette for en suveren konsert." 

Hilsen Jonas Fjeld!

 

"Sør-Fron kommune er stolte over kulturarven vår og det rike og breie kulturlivet i bygda vår. Vi er glade for at Rudi Gard står for ein svært viktig og unik del av dette."

Ordfører Ole Tvete Muriteigen, Sør-Fron Kommune