Øystein Rudi
spelemann frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen. Han starta å spelle fele i Sør-Fron Spellemannslag i 1977. På 1980-talet var musikk til dans viktig. Dette skjedde først saman med Anton Amundgard og Arne Vangen.
I 1981 vart Øystein med i Karlsrud og Nermoens Gåmmåldansorkester. Dette var mens fest på lokalet fortsatt var samlingspunkt i bygdenorge, og etter at denne gruppa vann Titanofestivalen i 1984 vart det spelling omkring i heile Norge. Dette gav både inspirasjon og inntekter.
Med Nye Ringnesin vart det framhald med dansespeling frå 1986 og utover 1990-talet. Denne gruppa utvikla også etterkvart eit konsertrepertoar, og fekk dermed breiare oppdrag.
Frå 1997 har gruppa
KVARTS
vore det musikalske hovedankeret. Med denne gruppa har både konsert, undervisning og dansemusikk vore tema. Gruppa har gjeve ut fleire cd'ar, og har vorte tildelt Spellemannspris for to av desse. Gruppa har hatt mange oppdrag i Norge og i utlandet, og har brukt folkemusikken på mange scener der denne sjeldan er presentert.
KVARTS
har også laga bestillingsverk mellom anna til Førdefestivalen, Den Norske Folkemusikkveka og Vossajazz, og gruppa har Norsk Kulturråds ensemblestøtte. KVARTS har dei siste åra hatt eit god samarbeid med artistar som Jonas Fjeld, Sondre Bratland, Kringkastingsorkestret og Helge Lien med fleire. Sjå også www.kvarts.no
Øystein har vunne landskappleiken tre gonger og har fire Spellemannsprisar i klassa for folkemusikk. Ole Bull Akademiet har vore fast oppdragsgjevar i fleire år, og Øystein har der undervisning om feletradisjonen i Gudbrandsdalen. Dei siste åra er fela alltid med ved foredrag og kulturinnslag for bedrifter.