TORSDAG 25. AUG KL. 20:30

Bjørn Tomren med band

25.08.22

Bjørn Tomren imponerte hausten 2021 heile Norge som den mest særegne artisten i den populære NRK-serien «Stjernekamp», der han gjekk heilt til topps. Med unikt utrykk og eineståande formidlingsevne vart Tomren på kort tid folkeeie, omtalt som «den kuleste artisten i Stjernekamp gjennom tidene». Bjørn Tomren er artist, låtskriver og vokalutøver fra Tomrefjord, og turnerer nå land to strand for fulle hus med sitt eminente band. Bjørn er tidlegare kjent frå blant anna jodle- og trekkspillduoen Polkabjørn & Kleine Heine. Bjørn Tomren har også verdensrekorden i flest forseringar av Norge på langs; i kajakk, til fots, på ski og i robåt.

Billett: 490,-

Praktisk informasjon:

Artisten, låtskriveren og komikeren Bjørn Tomren frå Tomrefjorden er også kjent frå den notoriske jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn & Kleine Heine, som blant anna har varma opp for a-ha og vorte stjerner i dokumentarfilmen om seg sjølv «Kunsten å jodle».

I 2019 ga Bjørn ut sitt første album, «Bad Science Fiction» til overveldande kritikk. Avisa Bergens Tidende karakteriserte plata som «så mørk at ein kan drukne i den». Tomren sjølv kaller det dystopisk sci-fi country som du kan lytte til i bakrus. Som ein av landets mest allsidige musikere spenner Tomrens musikalske rekkevidde frå americana og religiøse folketoner til jazz, viser, jodling, strupesang, dialekt-punk og psykedelisk-protest musikk.

Bjørn Tomren har også gjennomført fleire ekspedisjonar og har verdensrekorden i flest forseringar av Norge på langs; i kajakk, til fots, på ski og i robåt. Han kan også sjå attende på ei kort karriere som klovn. Eller som forfatteren Erlend Loe seier det: «Bjørn Tomren er ikkje berre ein gudbenåda musiker med fantastisk stemme. Han kan også sykle på eit hjul».

Bjørn Tomren med band