Camp Rudi - Rudi Gard

Camp Rudi

 

Rett utanfor gardstunet på Rudi finn du campen vår – med ei handfull temmeleg unike overnattingsstader. To autentiske jaktbuer frå elgskogen, eldhus med åre i midten og hengekøyecamp under stjernene. 

Frukost serverer vi i Rudilåven kvar dag, middag byr vi og på i samband med konsertar eller på forespørsel. Innsjekk: etter kl. 15. Utsjekk: innen kl. 11. Innsjekk og utsjekk kan òg avtalast nærmare ved behov. 

Her finn du presentasjon av overnattingsstadene i Camp Rudi – sjølvsagt namngitt etter artistar som står Rudi Gard og våre gjestar nær.

Elgbrakkene 

To flyttbare rom// Ein dobbeltseng og ei køyeseng // Bad i hovedhuset // Kjøkenkrok og peis // 1200,- per natt / 700,- per pers

Stein Torleif Bjella, visesmed frå vertinne, Nina, si heimbygd, Ål i Hallingdal. Trond Halle er «Dølarocken’s» grand old man. Båe to er fjellets og friluftslivets menn, som lett finn seg til rette i ei rustikk elgbrakke, slik dei bur på jakt. Her kan du få oppleve det same. 

Dei frittståande elgbuene, Bjella og Halle, er enkelt innreia med køyeseng, sofabenk, vedovn og spisebord. Dei huser også ein enkel kjøkkenkrok og fin uteplass, med utsikt over dei frodige grasslettene. For dei aller tøffaste er det også mulig å springe ut av bua og ta morgonbadet i den lille dammen vi har, midt på jordet. Toalettfasilitetar finnast i underetasjen på hovudhuset, hundre meter unna. 

 

Buen

Hengekøyecamp // Fyre hengekøyer //  Bad i nabohuset // 300,- per pers

Ingen svevar vel meir elegant enn heile landets Knut Buen. Med rosemålande replikkar, fenomenalt felespel og ei formidlingsevne av guds nåde. Du er velkomen til å sjå om det same treffer deg etter ei natt med fjelluft gjennom nasen, med overnatting i vår hengekøyecamp, plassert oppå ei gamal gravhaug frå Vikingtida. Frå mellom tretoppane i furuskogen har du utsikt nedover heile dalen, og grillplass og sittegruppe like ved.

Frykt ikkje for kvaliteten på nattesøvnen, vi rer opp køya med deilig dundyne, pute og liggunderlag. 

To hundre meter unna er det toalettfasilitetar og dusj, i underetasjen på hovudhuset.  

Bekkemellem

 

Årestuggu // Plass til opptil seks madrassar//  Bad i nabohuset // 300,- per pers 

Ole Jonny Bekkemellem. Barnestjerne som Heidals Elvis og ein av dei om lever ut sitt musikktalent på beste vis i musikkgruppa Von. Han har fyllt samfunnshus og kyrkjer til siste benk år etter år. Bålet brenn like godt hos ein fersk 50 åring som det gjer i årestuggua når knusktørr bjørkeved gjev stemning til kveldsstunda slik folk levde i enkle kår.  

Her kan du få stemningsfull overnatting i eit enkelt tømmerhus med bålplass i midten, og åpent spjeld i taket. På trebenkane, som omkransar det knitrande bålet, har vi plass til madrasser for fire lange, og to litt stuttare, kroppar. Utanfor stuggu står epletræra tett i tett, og dei frodige grasslettene strekk seg heile vegen langs panoramautsikten av Gudbrandsdalen.

Toalettfasilitetar finnast i underetasjen på hovudhuset, hundre meter unna.  

Offentlige medspelarar:

100% Lågå i Vågå av OffCenit || Farge og typografi: Trollbinde