Overnatting - Rudi Gard

Overnatting på garden

Rudi Gard har senger fordelt på høgstandard stabbursuite og gardsleilighet, flotte enkeltrom og sjarmerande stabbur med bad i hovedhuset. Opplev Gudbrandsdalen og Rudi på sitt aller beste!

Her finn du presentasjon av kvart gardshotellrom

Glas-stabburet

Stabbursuite // To dobbeltsenger // Bad og kjøken // 

Glasstabburet kjem frå garden Korstad i Øverbygda, der det kom i vegen for utviding av fylkesvegen, og ble difor frakta til Rudi. Vi har innreidd det med moderne baderom og toalett, to knallgode dobbeltsenger, og i tilbygget mot tunet kan du nyte panorama over både tunet på Rudi og Sør-Fronsbygda. 

 

Nystabburet 1. etasje

Dobbeltrom i stabbur, 1.etasje // En dobbeltseng //
Bad og kjøken

Rommet har den gamle sjela frå generasjonars bruk til magasin for mat og saker, og er no forsynt med ei god dobbeltseng, bad med dusjveggar frå dei Gudbrandsdalske steinbrott, liten kjøkenkrok og gode stolar. 

 

Nystabburet 2. etasje

 Dobbeltrom i stabbur, 2. etasje // En dobbeltseng //
Bad og kjøken 

Rommet har dobbeltseng, bad, gode stolar og kanonutsikt over tunet.  

Er dykk ein familie eller større gruppe, høver det fint å leige fleire rom vegg i vegg. 

 

Haugastabburet

 To rom i stabbur // Fem enkeltsenger // Bad i hovedhuset 

Stabburet har fem enkeltsenger, der to er for dei med litt meir stutte kroppar. Ei lita og heimekoseleg opphaldsplass på to etasjar som passar midt i blinken til ein familie med små barn. Toalettfasilitetar finn du i underetasjen på hovudhuset, hundre meter unna. 

 

Leiligheter 

Fire moderne rom // Fire dobbeltsenger //  Bad og kjøken// TV, wifi, peis 

Her er det fire rom med kvar si dobbeltseng, og ein fellesstove med TV og wifi og kjøkken. På utsida av huset går du rett ut til grøne grassletter, og frå platået utanfor soveromsvindauget har du utsikt utover heile dalen. 

 

Offentlige medspelarar:

100% Lågå i Vågå av OffCenit || Farge og typografi: Trollbinde || Les våre salgsvilkår