Opptakta til det 21. året med Låvende saker på Rudi Gard skjer i ei uvirkeleg atmosfære, med global pandemi som bakteppe. Programmet var klart for trykk og lansering til påske som før.
Landet vart stengt ned og liv og helse fekk første prioritet for oss alle. Vi skal halde oss til retningslinjer frå styresmaktene til ei kvar tid.
Når landet no først i mai er i ferd med å reise seg att, er det ei stor glede å få vera med og spreie glede ved å invitere til den kulturelle møteplassen Rudi Gard. No ser vi kanskje meir enn nokon gong verdien av å kunne møtast til hyggeleg prat, eit glas og ein god middag, og kulturopplevingar til felles glede!
Strømmekonsert med gammaldans frå Rudi 2. mai samla titusenvis av sjåarar i løpet av tre timar, med tre dagars forvarsel. Resten av 2020 går vi for ein kombinasjon av live konsertar slik de kjenner Rudi gjennom 20 år. Mange av konsertane blir samtidig sendt på nettet via facebooksida til Rudi Gard. Vi vil også løfte fram andre gode opplevingar i Gudbrandsdalen, i samarbeid med både reiseliv og kommunar i dalen. Vi har med oss dei beste teknikarane, og gjennom dette kan også glede dei som ikkje får plass i salen, eller som bur for langt unna til å reise til Rudi Gard
Billettar blir tilgjengeleg i samsvar med dei grenser som er sett til kvar tid, og det kan bli endringer i programmet som følgje av pålegg frå styresmaktene
På gjensyn og hjerteleg velkomen til Rudi – både i levande live og via skjerm!
Helsing Nina og Øystein Rudi – vertskap på Rudi Gard