Odd Nordstoga - Rudi Gard

Odd Nordstoga

Hurra! Rudi Gard er valt som ein av tre arenaer - og den einaste utanfor hovedstaden - når Odd Nordstoga tek med seg sitt beste band og to glitrande felespelarar på miniturne og gjenåpning av sitt artistliv etter koronatida!

Dei to andre arenaene er Grefsenkollen og Sentralen i Oslo. Dette er den første av fleire store opplevingar som er under planlegging i Rudilåven framover, vi kjem til å lansere ein rekke konsertar utover sommar og haust!.

Billettar kjem i sal hos Ticketmaster tysdag 2. juli kl 10. Vi har berre plass til 200 eksklusive i salen😊

Helsing frå Odd Nordstoga

Fredag den 19. juni slepper me ein ny låt att. «Dans dans dans» heiter den, og er akkurat den låta du ikkje visste at var det einaste du mangla i ditt, før 19. juni, nesten fullkomne liv. Låta er jo ganske spretten, glad og sommarleg av seg, og det kan vel kanskje passe sidan det faktisk er sommar snart.

Og sommaren let seg jo ikkje styre av anten FHI eller Bent Høye – den køyrer på heilt som vanleg – med varme solveggar og ljose kveldar og alt du drøymer om, (og ein del du ikkje drøymer om, mygg og klegg til dømes) så det blir jo bra det!

For oss musikkantar blei det jo veldig mykje (altfor mykje) overstrykingar i almanakken denne sommaren, men det har me i Odd Nordstoga og assosierte musikkantar bestemt oss for å gjera noko med: For å markere med brask og bram at eg slepper ei ny låt, så lagar me oss ein ørliten miniturne.

Eg tek med meg bandet mitt og skøyter på med to glimrande felespelarar og dreg til Grefsenkollen på torsdag 18. juni, så rullar me ned til Sentralen og Marmorsalen i Oslo sentrum fredagen og spelar der, før turen går til Gudbransdalens finaste speleplass, Rudi Gard, og avsluttar der laurdag den 20. juni. Tre kveldar blir det der me ikkje sparar på noko, bortsett frå publikumsplassar.

Me får jo ikkje lov til å spela for fleire enn 200 i slengen, så ein kan vel kalle det litt eksklusivt. Men me gledar oss til å spela for folk, og håpar at de 200 har lyst til å koma å bli med på festen. Det skal bli så jækla morosamt!

Billettar kjem i sal tysdag 2. juni. Fylg med på internettmaskina di.

Dato:20 Jun 2020
Klokkeslett:00:00
Meny:

Offentlige medspelarar:

100% Lågå i Vågå av OffCenit || Farge og typografi: Trollbinde || Les våre salgsvilkår