Rudiseter
Valseter ligg rett ved skiløypenettet på Gålå. Her kan du bo fredeleg i setergrenda mellom to idylliske fjellvatn. Det er kort veg til ei rekkje aktivitetar sommar og vinter. Setra ligg like ved høgfjellsscena der Peer Gynt samlar over 10 000 teaterinteresserte kvar haust i august. Alle hyttene har innlagt strøm, er utstyrt med dekketøy, kjøleskap og kokemoglegheiter, radio og sengetøy.
Ved Valsvatnet har vi robåt, kajakk og kano til utlån. Ei ypperleg mogleighet for fiskaren med eiga fiskekort, eller ei som berre ynskjer å leke seg i vatnet. Ved forespørsel er det òg mogleg å nyte måltid ved Rudi Gard eller andre nærliggande stader.
Innsjekk: etter kl. 15. Utsjekk: innen kl. 11. Innsjekk og utsjekk kan òg avtalast nærmare ved behov.
Selet
Tømmerhytte med to rom og hems // Ein dobbeltseng, tre enkeltsenger, og madrassar på hems // Bad, kjøken og peis // 2900,- per natt / 900,- per pers
Selet er det største seterhuset, tidlegare besøkt av meistercellist og musikkprofessor Åge Kvalbein. Den fyldige og varme cellotonen fylte rommet mellom mørke tømmerveggar frå gardsskogen til Rudi, der kårkallen henta tømmer til huset sist på 1990-talet.
Kvalbein har stuggu, baderom og kjøkken med innlagt vatn. Det er òg to soverom, eit med dobbeltseng, og eit med to enkeltsenger. I stuggu er det òg ei lita sovekrok med kort seng for barn, og hems med fleire enkle madrassar.
Stoltenberg
Steinbu // To dobbeltsenger og madrassar på hems // Utedo, kjøkenkrok og peis // 1900,- per natt / 700,- per pers
Moldestad
Vinterstuggu // To dobbeltsenger // Utedo, kjøkenkrok og peis // 2400,- per natt / 700,- per pers
Sigrid Moldestad med alle talenta: Felespelar, tekstforfattar, sanger og skodespelar. Ho har vorte ei flittig gjest på Rudi gard, og har difor fått sitt eiga seterhus. Fleire av setrene i Gudbrandsdalen hadde før i tida eigne vinterstugguer, fordi det var enklare å frakte fòr på slede enn med kjerre. Arbeidsfolket trengte ein stad å overnatte når dei henta det hausta foret, og vinterstuggu blei innreda med peis, kjøkkenkrok og to soverom.
To rom med kvar si dobbeltseng. Utedo ligg på medsida av fjøset, og vatn hentast frå kran på gjerdet.
Stinnerbom
Ysthus // Ei køyeseng // Utedo, kjøkenkrok og vedomn // 1500,- per natt / 700,- per pers
Godt grannelag er viktig både i det nære og over landegrensene. Svenske venner har inspirert oss i 20 år, og familien Stinnerbom, og deira Västanå Teater, er ein draum av musikk, dans og eventyrlege kostymer. Eit show, solid tufta på skandinavisk kulturarv og bygdeverdiar, akkurat slik det òg høver seg i eit Ysthus anno 2020, og søta bror har difor gitt namn til setras siste hus.
Ysthuset har eitt stort rom med vedomn og ystepanne, kjøkkenbenk og spisebord, og køyeseng med 120 bredde nede og 75 cm oppe. Utedo ligg på medsida av fjøset, og vatn hentast frå kran på gjerdet.