LAURDAG 28. SEPT - KL. 21.00

Topp hausten med tidenes låveball og konsertoppleving. Legg laurdagskvelden til legendarisk låting for leikne folk frå heile dalen og i alle aldre.

Til årets Gudbrandsfest er laget toppa med Gangar – eit av dei råaste folkrockbandet i Noreg og Madam Jam – sjarmbomba som har skapt sirkus og furore i heile Folkemusikk-Noreg. Vi riggar Rudilåven til fest, og kjøkensjef Wenche Kvebu byr på godsaker frå gardsgrillen.

Bussar blir sett opp frå og til i heile Gudbrandsdalen!

Du kan lese meir om Gudbrandsdal Musikkfest her.

19:00  Velkomen til gards, bort til grillen og inn i låven

Full fyr på gardsgrillen med klassikaren «Elg i pita» som folkeleg favoritt. Open låvebar med alle rettigheiter. 

21:00 Oppspel ved unge, lokale musikarar frå talentprogrammet G-KRAFT

Gløym alt du trudde du visste om sure feler og skrekkspel – desse unge musikarane svinger det av!

22:00 Madam Jam – flamingo og folkefurore

Banebrytande liveband toppa med sju leiande folkemusikarar på banjo, elgitar, bratsj, gitar, torader, kontrabass. Og fullvaksne flamingoar. Gløym alt du trudde du visste om folkemusikk – Madam Jam kan minne om dampande bluegrass og spenstig irsk folkemusikk. 

23:30 Gangar – folkrock som løftar låvetaket

Folkrocksensasjonane Gangar har på null tid etablert seg som ein av Noreg sine mest etterspurte musikkeksportar i Europa; med eit ekstremt rocka og originalt sound av tradisjonell norsk folke- og rootsmusikk. Toppa med ein liveopptreden som du aldri vil gløyme. 

Det unge bandet grev djupt i folkemusikken for å komme opp med spektakulære låter – og gjev dei nye, moderne arrangement påvirka av rock, folk-metal og jazzimprovisasjon. Inspirert av artister som Hoven Droven, Meshuggah og AC/DC, er lyden av Gangar ulikt alt anna du har høyrt – og sett – på ei scene. 

Velkome!

Program