Kommande arrangement

I over 25 år har vi arrangert konsertar og forestillinger på Rudi. Meir enn 500 arrangement med billettsal er gjennomført, og med arrangement for bedrifter, bryllup og feiringer av mange slag blir talet mykje meir enn dobla. Vi håpar samvær og kortreiste lykkestunder har gjort godt!

Her finn du programmet for året. Når mange av våre beste artistar kjem til gards, er intensjonen vår å bidra til å gjera bygda og dalen litt meir attraktiv og levande.

Velkome til nye opplevingar i Rudilåven!

ONSDAG 08.09 - kl. 20.30

The Real Thing – bandet som aldri går av scena i tørr smoking!

Sidan starten i 1992 har The Real Thing spelt meir enn 1700 konsertar og seld over 55 000 skiver med hardtsvingande, orgelbasert souljazz. Dei er inspirert av storheiter som Jimmy Smith, Jack McDuff, George Benson og Wes Montgomery.

Bandet som "aldri går av scena i tørr smoking" har opparbeidd seg ein solid fanskare også utanfor jazzmenigheita. Organist Palle Wagnberg, gitarist Staffan William-Olsson, saksofonist/fløytist Dave Edge og trommeslager Hermund Nygård gleder seg til å fyre opp hammondorgelet, sjekke at sløyfa er rett og gyve løs på gammelt og nytt repertoar.

ONSDAG 16.09 - kl. 20.30

Jonas Fjeld setter bagen fra seg

Jonas Fjeld var første gong på Rudi i 2001, og han er den artisten med flest konsertar i Rudilåven. Når han no truer med å setja bagen frå seg er det klart vi ønskjer ekstra velkomen!

Etter meir enn 50 år på vegen, frå gjøglande rock med Jonas Fjeld Rock 'n' Rolf Band, via funk i USA og country i Nashville, til samarbeid med Rick Danko frå The Band, Judy Collins og visekongen Ole Paus set han seg ned. Men ikkje før han har gjennomført ei siste runde.

No nærmar han seg målstreken, og det skal feirast. For sjølv om dette blir hans siste runde, er det ikkje snakk om å henge med hovudet og ta farvel. Tvert imot, kvar konsert på denne turneen vil bli ei fest. Men ta med eit lommetørkle, berre for sikkerhets skuld. For er det noko Jonas Fjeld verkeleg kan, så er det å lokka fram kjensler i oss. Det finst ingen som er hans like. DET skal feirast.

ONSDAG 23.09 - kl. 19.00

Orkester Innlandet feirer 35 år

Orkester Innlandet feirar 35 år i musikkens teneste!

Med kunstnarisk leiar Atle Sponberg i spissen for 16 strykarar, inviterer dei til ein konsert der du får høyre både kjende og kjære klassiske perler, og innslag som utfordrar det tradisjonelle. Dei byr på favorittar frå eit breitt sjangermessig repertoar. Bli med på ein kveld fylt av musikalske overraskingar og god stemning.

Gjest:
Trygve Seim, saksofon

TORSDAG 22.10 - kl. 19.00

"Drikke og be" med Brøndbo Plassen / Thorud / Rudi

Synnøve Brøndbo Plassen, Geir Marius Thorud og Øystein Rudi tek oss med på ei musikalsk vandring gjennom slåttar, salmar og stev frå Gudbrandsdalen og traktene omkring.

Synnøve Brøndbo Plassen er ein av dei fremste unge folkesongarane i Noreg i dag, oppvaksen i Folldal og nominert til Spellemannsprisen to gonger.

Geir Marius Thorud er spelmann, tradisjonsberar og allsidig musikar på torader, trekkspel og kontrabass, med venskap og samarbeid over heile Norden.

Øystein Rudi, kulturgardbrukar her på Rudi, har eit langt liv i kulturformidling bak seg. Han har mellom anna henta tre Landskappleik-sigrar og fire Spellemannsprisar.

LAURDAG 14.11 - kl. 19.00

Spelmannstreff etter ferdasvegen

Folkemusikken har alltid vorte til og halde seg levande ved at ein deler og bytar låtar der ein ferdast.

Velkommen til svensk-norsk spelmannstreff på Rudi Gard!

Meir info kjem.

ONSDAG 18.11 - kl. 20.00

Dance With A Stranger

Dance With A Stranger gjer nokre utvalde spelejobber hausten 2026, og Rudi Gard er ein av desse!

Herrene Øivind Elgenes (Elg) og Frode Alnæs kjem med tre musikere i frisk og vitalisert utgave:

Ellen Brekken, bass, Jørn Øien, keys og Børre Flyen, trommer. Everyone Needs a Friend, The Invisible Man, Dance With A Stranger og fleire tophits sørger for nostalgi i ”ny” innpakning.

Dance Wih A Stranger braut gjennom alt i 1988, og debutalbumet selde meir enn 125 000 eksemplar og mottok Spellemannspris. Nå er dei på ny klare for å glede publikum med eit friskt og humoristisk høgkvalitets musikkshow! Dance With A Stranger henter inspirasjon frå blues og jazz, soul, rock og pop, og responsen frå både presse og publikum fortel er at dei rett og slett er i særklasse. For ein fest!

FREDAG 04.12 - kl. 19.00

Vintersong med Sigrid Moldestad & HazeliusHedin

Esbjørn Hazelius og Johan Hedin er blant Sveriges største folkemusikkstjerner. Dei har ein ekstra nerve i samspelet, som berører sterkt. Dei turnerer stadig, gjev ut plater og har eit stort nordisk publikum. Det same gjeld Sigrid Moldestad, som også har fleire plater bak seg og er kjent for sterk formidling og rørande songer. Trioen turnerer både i Norge og Sverige før jul.

Sigrid Moldestad – sang/hardingfele/fele
Esbjørn Hazelius – cittern/gitar/fele/sang
Johan Hedin nyckelharpe/cittern/sang

LAURDAG 05.12 - kl. 19.00

Julekonsert med Fossajazz

Storbandet Fossajazz inviterer til svingande julekonsert på Rudi Gard.

Dei har medlemmer frå Ringebu, Sør-Fron, Nord-Fron og Sel, og byr på ekte julestemning med kjende og kjære julesongar

FREDAG 18.12 - kl. 19.00

Jul med Valdresmål og Meining

Jul med Valdresmål og Meining debuterte utanfor Valdres i førjulstida 2024. Rudi Gard var første stopp utanfor eige dalføre, og det vart ein braksuksess.

Med enorm oppslutning på heimebane har denne særeigne førjulsforestillinga dei siste åra vorte eit av årets høgdepunkt for kvartetten Gaute Lein, Lars Jemterud, Ørnulf Dyve og Kasper Dyve. Sjølv om både Gaute og Ørnulf turnerer store deler av året med flaggskipet STAUT, er begge skjønt enige om at jula med konsertane i Valdres og omegn byr på noko nært og eige, som dei kanskje ikkje opplev ellers i året.

Vi er heldige som får ta i mot dei når dei kjem over fjellet. Vel møtt til konsert!

Tidlegare arrangement

FREDAG 21.08 - SØNDAG 23.08

Nygaardfestivalen 2026:

- til P. A. Røstad Gammeldansorkester si ære!

Oddvar Nygaard var den fremste trekkspelaren i Gudbrandsdalen i si samtid. Oddvar inspirerte og var kjend med mange, og festivalen heidrar kvart år ein spelmann eller ei gruppe.

I 2026 er det P. A. Røstads gammeldansorkester som er festivalens heidersgjester.

Helga startar fredag med konsertar med Silja Lid Strysse, Simen Håland, Kristina Farstad Bjørdal og Jorun Marie Kvernberg. Deretter dans for påmeldte grupper og lag.

Laurdag er det festivaldag med formiddagsdans, samspelsstund der P. A. Røstad jr lærer bort trønderrepertoar og fortel om særtrekka ved trøndergammaldansen, ungdomskonsert med utøvarar under 25 år og festkonsert om kvelden der påmeldte grupper spelar til ære for årets heidersgjester. Etter konserten blir det dans. Søndag avsluttar vi helga med spelmannsmesse i Sør-Fron kyrkje.

TORSDAG 20.08 - kl. 20.30

Elvis! Med Ole Jonny Bekkemellem, Tina Lie og husbandet til Bergen Elvis Fest

I 2025 var det 90 år sidan Elvis vart født, storfilmen EpiC går sin seiersgang på kino og Elvis er på scener over heile landet. Denne kvelden skal musikken til Elvis Presley og hans musikalske arv står i høgsetet. Det blir historier, det blir Rock‘n roll, med inspirasjon både frås gospel, countrymusikk og rhythm & blues.

Ole Jonny Bekkemellem og Tina Lie er båe frå Gudbrandsdalen, og dei er vokalister med lang fartstid og store merittar. Frå Voss og Bergen kjem nokre av landets mest meritterte Elvis-tolkarar. Dei er backing for stjerneartistar ved Bergen Elvis Fest, og har eit fantastisk sound: Berit Håpoldøy – sang og gitar, Erlend Styve – sang og gitar, Lars Hammersland - bandleiar og tangentmann, Kai Taule – sang og bass og Einar Olsson – sang og trommer.

LAURDAG 08.08 - kl. 21.00

Dølarockens Festkveld

50 år med Rock'n Roll

Kl 21 Fest med Different Eagles, "Fem modige menn” og Baksia

Different Eagles herja samfunnshusa i dalen på 1970-talet, og dei har framleis repertoaret på plass slik det var denne tida. Fem Modige Menn representerer dagens unge dølarockere, og Baksia står i midten, etter fem tiår med sin eigen sound og drive.

Her lovar vi full fest for både gamle og unge på scena og i salen. Shang hai o hoy!

18 års aldersgrense

Tysdag 04.08 | Onsdag 05.08

Bryllupet på Hægstad

I samarbeid med Kulturfestivalen Peer Gynt

Bryllupet på Hægstad er ein uforglemmeleg mat- og teateropplevelse i hjertet av Gudbrandsdalen!

Saman med Kulturfestivalen Peer Gynt gjenskapar vi det berømte Bryllupet på Hægstad frå Henrik Ibsens Peer Gynt med fest, dramatikk og musikalske høgdepunkt. Publikum er gjester i bryllupet og kjem tett på karakterer som Hægstadbonden, Peer, Solveig, Mor Åse, Aslak Smed og brudeparet Ingrid fra Hægstad og Mads Moen. Men i tillegg til teksten Ibsen har skrevet, kva anna kan ha skjedd i dette sagnomsuste bryllupet?

Forestillinga veksler mellom mat, tid til å prate med dei ein sit i lag med, teater og musikk. Etter forestillinga blir det høve til å hygge seg vidare på Rudi Gard, med noko godt i glaset og meir musikk.

Laurdag 18.07 - kl. 19.00

Sommarkonsert med VAMP

«Hundrevis av songar om det å vera menneske. Om kjærleik og sorg, mytar og skrømt, ærlighet og svik, døden og livet. Og om havet.»

Slik beskriv VAMP seg sjølv, og det er vanskeleg å gjera det betre. Bandet frå Haugesund har levert sidan 1991, og i sommar kjem dei endeleg attende til gards med melankolien i sekken og humoren på lur.

Velkome!

LAURDAG 06.06 - kl. 21.00

Såmmårfest

med Hillbabies og VON

Ein skikkeleg forsommarfest med Hillbabies og VON er tradisjon, og også i år gjester dei Rudilåven med drivande folkeleg rock’n roll denne første laurdagen i juni.

Hillbabies har som navnet seier henta innspirasjon frå orginalen i Hallingdal, og det gjer dei på ein overbevisande måte. VON kjem med eigne låtar, og det let som ei kule når dalens mest erfarne rockarar dreg i gang til såmmårfest!

18 års aldersgrense

SØNDAG 08.03 - kl. 19.00

Frå Brumunddal til Nidaros: Tre karer — tre klubber — tre kyrkjer

Med Per Arne Dahl, Lewi Bergrud og Thor Erik Fjellvang

I vinter legg ein prest, ein songar og ein pianist ut på ei vekes reise der dei skal snakke, og syngje, om sårbarheita si kraft. Krafta som peikar mot sentrum av trua: Nåda, og nåda si makt til å gjenskape og gjenopprette.

Tekstene blir framførte av den folkekjære presten og forfattaren Per Arne Dahl. Det musikalske blir skapt av Lewi Bergrud og Thor Erik Fjellvang, teamet bak «Salmer på pøbb», konseptet som har fylt konsertsalar og pøbbane over heile landet.

LAURDAG 07.02 - kl. 19.00

Øystein Sunde og Meget i Sløyd

Framsyninga byrja livet sitt på Chat Noir hausten 2021 til femmarar på terningane frå både Aftenposten, Nettavisen og Dagsavisen. Etter Chat Noir har det kome nye songar seglande, får vi vite, og visesongaren er tydeleg oppstemt og selskapssjuk i høve til det nye stoffet.

Det blir skråblikk på alt vi held på med til dagleg, nokre gjenhøyr med songar og historier frå eit langt liv på scena og i studio. Og sjølvsagt eit nytt kapittel i «Soga om Harald Jordfresar».

Velkomen til ei ny forestilling med Øystein Sunde!

LAURDAG 24.01 - kl. 19.00

Plateslepp og midtvintersdans med SKROT, Skultbakkalaget og Nye Ringnesin

Det er midtvinters, og det er tid for ei helg med spell og dans på Rudi. Nye Ringnesin kjem til gards alt torsdag, for å spela inn si fjerde plate, 27 år sidan sist! Fredagen kjem gruppa SKROT til gards, og dei har spelt inn si første plate.

Det blir plateslepp laurdagen, og feiring med konsert og dansefest. Laurdagskvelden kjem også ungdommane i Skultbakkalaget for å spela inn plate live, til forrykande dans. Og Nye Ringnesin bjudar også på til dansefesten.

Tidlegare sommarprogram:

Besøk oss:
Rudivegen 40,
2647 Sør-Fron

Vi er tre generasjonar som bur på Rudi, og saman med trivlege medhjelparar likar vi å få gjester til gards. Visjonen er å bidra til at Gudbrandsdalen blir betre og meir interessant for oss som bur her, for hyttefolk og tilreisande. Les meir om oss