Personvernerklæring
Sist endra 20.10.2026
Behandlingsansvarleg
Rudi Kultur AS (Rudi Gard) v/ Nina og Øystein Rudi
Adresse
Rudivegen 40, 2647 Sør-Fron
Org.nr
987 919 043 MVA
E-post
oystein@rudigard.no
Telefon
913 85 388
Her står kva personopplysningar vi samlar inn når du kjøper billettar, mat eller gåvekort, når du avtaler bryllaup, konferanse, selskap eller overnatting, og når du tek kontakt med oss eller besøkjer nettsida. Du kan òg lese kva vi brukar opplysningane til, og kva rettar du har. Behandlingsansvarleg er verksemda som står over.
Når du kjøper billett, mat eller gåvekort
Vi sel billettar, mat ved arrangement og gåvekort gjennom TicketCo. Når du handlar, registrerer TicketCo namnet ditt, e-postadressa, telefonnummeret og det du kjøpte, på vegner av oss. Betalinga går gjennom betalingsleverandøren til TicketCo, og vi ser aldri kortopplysningane dine.
Vi brukar opplysningane til å sende deg billetten eller gåvekortet, og til å gje deg beskjed dersom eit arrangement endrar tid eller blir avlyst. Vi brukar dei òg til å handsame refusjonar og spørsmål. Rettsgrunnlaget er avtalen med deg (personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b). Bokføringslova pålegg oss å ta vare på salsdokumentasjonen (artikkel 6 nr. 1 bokstav c).
Når du avtaler bryllaup, konferanse, selskap eller overnatting
Når du avtaler eit arrangement eller overnatting med oss, noterer vi namnet ditt, kontaktopplysningane dine, datoen, kor mange de er og andre ønske du har. Avtaler du på vegner av ei verksemd eller eit lag, noterer vi òg namnet på verksemda og deg som kontaktperson. Vi brukar opplysningane til å lage tilbod, planleggje og gjennomføre arrangementet og sende faktura. Fakturaen inneheld namn og adresse.
Rettsgrunnlaget er avtalen med deg. Er du kontaktperson for ei verksemd, er rettsgrunnlaget vår berettiga interesse i å følgje opp avtalen med verksemda (artikkel 6 nr. 1 bokstav f). Bokføringslova pålegg oss å ta vare på fakturaer og salsdokumentasjon (artikkel 6 nr. 1 bokstav c).
Allergiar og andre omsyn ved maten
Fortel du oss om allergiar eller andre omsyn ved maten, anten for deg sjølv eller for gjestene dine, brukar vi det berre til å lage og servere maten. Opplysningane gjev du oss frivillig (artikkel 9 nr. 2 bokstav a). Vi slettar dei når arrangementet er over.
Når du kontaktar oss
Sender du oss ei melding gjennom kontaktskjemaet, får vi namnet ditt, e-postadressa di og det du skriv. Vi brukar opplysningane berre til å svare deg. Rettsgrunnlaget er vår berettiga interesse i å svare på førespurnader (artikkel 6 nr. 1 bokstav f).
Nyheitsbrev
Melder du deg på nyheitsbrevet, lagrar vi e-postadressa di og sender deg informasjon om konsertar og arrangement på Rudi Gard. Rettsgrunnlaget er samtykket ditt (artikkel 6 nr. 1 bokstav a). Du kan melde deg av når du vil, via lenkja nedst i kvart nyheitsbrev. Då slettar vi e-postadressa di frå lista.
Bilete frå arrangement
Vi tek av og til bilete på konsertar og arrangement, og brukar dei på nettsida og i sosiale medium. Vi legg vekt på oversiktsbilete av stemninga. Ønskjer du at vi fjernar eit bilete der du er med, kan du ta kontakt, så fjernar vi det. Rettsgrunnlaget er vår berettiga interesse i å vise fram arrangementa våre (artikkel 6 nr. 1 bokstav f).
Kor lenge vi lagrar
Vi tek ikkje vare på opplysningane dine lenger enn vi treng dei:
Billettar, mat og gåvekort: Vi slettar kontaktopplysningane seinast eitt år etter arrangementet. For gåvekort slettar vi dei seinast eitt år etter at kortet gjekk ut.
Bryllaup, konferansar, selskap og overnatting: Vi slettar e-postar, notat og gjestelister seinast eitt år etter arrangementet.
Fakturaer og salsdokumentasjon: Bokføringslova § 13 krev at vi tek vare på desse i fem år etter utgangen av rekneskapsåret.
Allergiar og liknande: Vi slettar desse opplysningane når arrangementet er over.
Meldingar via kontaktskjemaet: Vi slettar dei seinast eitt år etter at saka er avslutta.
Nyheitsbrev: Vi tek vare på e-postadressa di til du melder deg av.
Vil du at vi slettar opplysningane dine før desse fristane, kan du ta kontakt. Då slettar vi alt som lova ikkje krev at vi tek vare på.
Kven som får opplysningane
Vi sel aldri opplysningane dine til andre. Desse leverandørane handsamar opplysningar på vegner av oss, og vi har databehandlaravtale med dei:
TicketCo driftar billett-, mat- og gåvekortsalet. TicketCo nyttar betalingsleverandøren Adyen til betalinga.
Hostinger driftar nettsida, kontaktskjemaet og skjema for nyheitsbrevet.
PowerOffice lagrar fakturaer og rekneskap i rekneskapssystemet PowerOffice Go.
Betaler du med Vipps, får vi namnet ditt, telefonnummeret ditt og kva du betalte. Vipps MobilePay er sjølv ansvarleg for opplysningane som høyrer til betalinga. Les meir i personvernerklæringa til Vipps.
Nokre av underleverandørane til TicketCo og Hostinger kan handsame opplysningar utanfor EU/EØS. Då skal leverandøren sikre overføringa med standard personvernvilkår som EU-kommisjonen har godkjent.
Følgjer du oss på Facebook eller Instagram, gjeld personvernreglane til Meta for det du gjer der.
Informasjonskapslar
Med samtykket ditt brukar vi informasjonskapslar til å telje besøk og sjå korleis folk brukar nettsida. Du kan endre samtykket ditt når du vil.
Serveren til Hostinger lagrar tekniske loggar, til dømes IP-adresse og tidspunkt, i kort tid for drift og tryggleik.
Rettane dine
Du har rett til innsyn i opplysningane vi har om deg. Du kan òg få dei retta, eller sletta så langt lova tillèt det. Du kan krevje avgrensa behandling, protestere mot behandlinga og få opplysningane utleverte. Har du gjeve samtykke, kan du trekkje det tilbake når du vil. Ta kontakt på e-post eller telefon.
Meiner du at vi handterer personopplysningane dine i strid med regelverket, kan du klage til Datatilsynet (datatilsynet.no).
Besøk oss:
Rudivegen 40,
2647 Sør-Fron
Vi er tre generasjonar som bur på Rudi, og saman med trivlege medhjelparar likar vi å få gjester til gards. Visjonen er å bidra til at Gudbrandsdalen blir betre og meir interessant for oss som bur her, for hyttefolk og tilreisande. Les meir om oss
Rudi Gard v/ Øystein og Nina Rudi | Org. 987919043 MVA
