TYSDAG 06. AUG - KL. 20.30

TORSDAG 08. AUG - KL. 20.30

Henrik Ibsens Samlede Verker på 78 minutter

av Knut Nærum

06.08.24 & 08.08.24

Knut Nærum Rudi Gard
Knut Nærum Rudi Gard

Tre skodespelarar – 28 teaterstykke – 131 roller. Lykke til.

Alt er klart for ein komisk maratonspurt når den topptrente supertrioen Kjersti Elvik, Tormod Løvold og Kristian Berg Jåtten stormar ut av startblokkene og slepp laus galskapen. Lagleiar og regissør Eirik del Barco Soleglad skal passe på at vekslingane går knirkefritt og at ingen sprekk på oppløpssida.

Dei tre skodespelarane skal altså kome seg gjennom 28 teaterstykke og 131 roller på 78 minutt. Innimellom lynraske skift, humor, musikk, kaos og rabalder, fører dei også ein løpande debatt seg imellom om Ibsens stykke er a) tidlause, framleis relevante og kan spelast på gamlemåten, b) gått ut på dato for lengst, eller c) kan la seg spele så lenge materialet tilpassast vår tid. Det inngås på eit tidspunkt eit veddemål, og det ventar ei passande straff for den av skodespelarane som taper veddemålet.

«Forestillingen er både flåsete og smart på en gang, skuespillernes avvæpnede små smil, blikk og fakter hever forestillingen og samspillet de tre imellom fungerer veldig godt. Både tekstforfatter Nærum og regissør Eirik del Barco Soleglad er kjente for sin komiske timing, og hvordan man kan bare la en vits henge i luften. Nettopp dette er blitt en av denne forestillingens styrker, det er gøy når det er kaotisk, men det er nesten enda gøyere når det er rart og nedpå».

- Kulturanmelder i Bergens Tidende, Charlotte Myrbråten

Det er Knut Nærum som er tekstforfatter, og han er allereie i gang med å tilpasse teksten til den skal settast opp i Gudbrandsdalen og Peer Gynts rike. På spørsmål om kven forestillinga passar for, seier han: – Det er et godt spørsmål! Det er for folk som kan sin Ibsen, men kanskje særlig for de som ikke kan det. Jeg vil si at det er skrevet spesielt med tanke på folk med Ibsen-vegring.

Komedien blir sett opp tysdag 6. og torsdag 8. august kl. 20.30.

Tysdag 6. august er det inkludert ein førprat kl. 20.00 mellom dramatiker Knut Nærum, regissør Eirik del Barco Soleglad og kunstnerisk leder Ellen Horn.

Om forestillinga

Regissør Eirik del Barco Soleglad er tilsett som skodespelar ved Den Nationale Scene i Bergen, der han nyleg fekk strålande kritikkar både frå publikum og presse for si rolle som Charlie Chaplin i Chaplin: Diktatoren. Eirik har òg jobba mykje med humor, og det finst knapt ein person i Bergen som ikkje har falle av stolen når han startar for fullt. I tillegg til å ha hatt regi på Henrik Ibsens Samla Verk på 78 minutt då stykket gjekk sin sigerferd ved Den Nasjonale Scene i Bergen, har han også regissert andre store framsyningar ved DNS og Det Vestnorske Teateret, samt Herøyspelet på Sunnmøre. Framover kjem han til å vere på scenen i Flaggermusen ved Bergen Nasjonale Opera, der han òg samarbeider med tekstforfattar Adam Price og regissør Yngve Sundvor om teksten.

Eirik fekk sin internasjonale debut då han vart henta til Los Angeles for å spele Prins John i den amerikanske produksjonen av The heart of Robin Hood ved The Wallis Annenberg Theatre.

Skodespelar Kjersti Elvik er for mange no mest kjend som Ruth i NRKs julekalender Snøfall, men har tidlegare også spelt i mellom anna Vestavind (1994), «Blind Gudinne» (1997) og Aber Bergen (2018). I 1998 fekk ho Amandaprisen for beste kvinnelige skodespelar for si rolle som Hanne Wilhelmsen i filmen Salige er de som tørster, basert på Anne Holts krimroman. Kjersti er til vanleg tilsett ved Den Nasjonale Scene i Bergen, men har også vore tilknytta Nationaltheatret, Riksteatret, Torshovteatret og Trøndelag Teater. I tillegg til å vere skodespelar, er Kjersti ein strålande songar med ei rekkje gode parodiar i ermet. Denne kombinasjonen passar heilt perfekt til Henrik Ibsens Samla Verk på 78 minutt, der ho får blesse med både skodespel, song og parodiar. (Ho har blant anna fantastiske parodiar på Erna Solberg og Donald Trump, som publikum kan håpe å få sjå glimt av i framsyninga).

Tormod Løvold er tilsett som skodespelar ved Den Nationale Scene i Bergen, og kjem rett frå sentrale roller i Heddapris-vinnaren Romeo og Julie (ved DNS, i regi av Kjersti Horn), og Chaplin: Diktatoren (ved DNS). Tormod er i tillegg ein dreven improteater-mann som var med å starte Bergen Impro Laug, der han framleis er aktivt medlem. Han har vore sentral i ei rekkje humorstykkje ved DNS, mellom anna i Shakespeares samla verk (2013, 2015), Direktøren for det heile (2016, Lars von Trier/Knut Nærum), og Henrik Ibsens Samla Verk på 78 minutt.

Multitalentet Kristian Berg Jåtten kjem frå Stavanger og har sin utdanning frå The New York Conservatory for Dramatic Arts, der han studerte skodespel for teater og film. Etter ei rekkje roller både i New York og ved Rogaland Teater, er han no tilsett ved Den Nasjonale Scene i Bergen. Han hadde nyleg rolla som Tybalt i Heddapris-vinnaren Romeo og Julie (ved DNS, i regi av Kjersti Horn), og hovudrolla som Linus i Jul i Svingen (ved DNS). I tillegg til å vere skodespelar, er Kristian ein svært dyktig songar og musikar, og har det musikalske ansvaret i Henrik Ibsens Samla Verk på 78 minutt. Der får de høyre han på både tangentar, gitar og song – i ekte revystil.

Medverkande