TORSDAG 11. MAI KL. 19.00

TETT PÅ:

Kva skjer i Bygde-Norge? Foredrag med Reidar Almås

11.05.23

Det er mange som tenkjer og bryr seg om kva som skjer i Bygde-Norge. Ein av dei som har tenkt aller mest er Reidar Almås: Så mykje at han er professor, og grunnleggar av Norsk Senter for Bygdeforskning, no Ruralis i Trondheim.

Den gode Reidar er dagsaktuell med bok, der han tek oss med sjumilssteg gjennom 1900-talet fram til dagens bygdesamfunn. Tufta på 45 år med bygdeforsking og praktisk bygdeliv, oppdaterer han oss på kva som skjer med distriktsnæringane og korleis det går med det grøne skiftet. Den skjøre balansen mellom by og land er avgjerande dersom vi skal ha tilgang til nok mat og rimeleg energi i åra som kjem, meiner han. Almås nøyer seg ikkje med å beskrive og forklare, men gir også råd om korleis bygdefolk kan skape si eiga framtid. Nokre av dei overordna spørsmåla i boka er: Kva har skjedd med bygdene våre, kvifor har det skjedd og kva vil og bør skje framover?

Dette skjer på Rudi Torsdag 11.05:

Kl 19.00 Foredrag med Reidar Almås (Inngang kr 100,- / 290,- inkl konsert)

Kl 19.45 Spørsmål og boksignering. Salg av suppe og anna frå låvepøbben

Kl 20.30 Konsert med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad

Billettsalg i døra eller på Ticketmaster (inkl. konsert)

Reidar Almås
Reidar Almås
Praktisk informasjon:
Dato:
11.05
Pris:
100,- / 190,-
Foredrag:
19.00
Ope gard:
18.00

Bygder har skifta ham og distrikta har gjort opprør. Skjønar du ikkje heilt kvifor, er Reidar Almås den rette å lytte til. I denne boka går han attende til moderniseringa av Bygde-Norge og tar oss med sjumilssteg gjennom 1900-talet fram til dagens bygdesamfunn, som kan vera ei gåte for mange. Almås nøyer seg ikkje berre med å beskrive og forklare, men gir også råd om korleis bygdefolk kan skape si eiga framtid, under omstende dei sjølve ikkje har vald. Derfor er det viktig å forstå både fortida og notida for å forme framtida.

Frå sin ståstad med ein fot i praktisk arbeid på bygda der han har budd og ein fot som professor og institusjonsbyggar på universitetet, tar Almås deg med gjennom eit landskap som er sterkt forandra, men til å kjenne att.

I kjølvatnet av dei mange distriktsopprøra og bondeopprøret, har bygdene og distriktspolitikken kome høgt på den politiske dagsorden att. For å skjøne kva som skjer, må vi skaffe oss oversikt over dei lange linjene i forholdet mellom bygd og by i Norge. Dei overordna spørsmåla vil vera: Kva har skjedd med bygdene våre, kvifor har det skjedd og kva kan gjerast for å bevare bygdenes eigenart og oppretthalde busettingsmønstret. Dette er ei bok som ingen andre kunne ha skreve om det som har skjedd, det som skjer og det som kan og bør skje i Bygde-Norge