Historiske og høgst levande Rudi Gard ligg idyllisk og inviterande til i solhellinga midt i eventyrlege Gudbrandsdalen. Vertskapet Nina og Øystein Rudi byr i lag med ei mengd gode hjelparar på ypperleg lokalmat, unike konsert- og serveringslokal, og kulturopplevingar frå øvste hylle i ei atmosfære det går gjetord om mellom både artistar og publikum.

I århundrer har vi dyrka korn på Rudi, og dei tjue siste åra har vi òg satsa på å dyrke gode opplevingar. Visjonen vår er å bidra til at Gudbrandsdalen blir betre og meir interessant for oss som bur her, for hyttefolk og for tilreisande.

Sjekk ut programmet – eller ting eit privat gjestebod.

Gleda ved å vera vertskap

Rudi Gard ønskjer å bidra til at bygda og dalen blir meir interessant. Ein litt meir meiningsfull stad å bu. Ein møteplass mellom dalen og verda omkring, med opplevingar for både glede og ettertanke.

Ein gamal nabo sa noko fint på vårt aller første opne arrangement for 22 år sidan: «Tenk – å få oppleva noko slik». Dette strekkjer vi oss etter kvar gong gjester kjem til gards. Vi vil formidle noko som er relevant. Artistar som begeistrar. Det beste i eit moderne og tradisjonsrikt dal­føre. Gode råvarer frå produsentar omkring oss. Flotte lokale ungdommar som tek i mot deg. Kunst som får deg til å undrast.

Vi håper du finn opplevingar etter din smak, og ønskjer hjerteleg velkome til gards!

Olavsrosa

Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke Olavsrosa viser veg til eineståande opplevingar rotfesta i den norske kulturarven.

"Som innehavar av Olavsrosa er Rudi Gard ein framifrå eksponent for aktiv formidling av kulturopplevingar og levande kulturarv. Gjennom respekt for gamle tradisjonar, samtidig som vertskapet har vilje og evne til å aktualisere historia i nåtida, synleggjer Rudi Gard Norsk Kulturarv sin visjon vern gjennom bruk."

- Mathias Øvsteng, Norsk Kulturarv

Kunst i Rudifjoset

Fjoset under Rudilåven er visningsstad for biletkunst og andre kunstformer. Kvar sommar inviterer vi gode kunstnarar til å syne sine arbeid på Rudi Gard, og fleire kunstnar stillar ut arbeida sine året rundt. Utstillinga er open i samband med alle arrangement, og arbeida er til sals. Utstillinga består i år av arbeid av:

TORI VIRIK NØVIK

VEGARD STALSBERG

ANNE KRISTINE THORSBY

JORUNN KRAG DAHLE

STÅLE BLÆSTERDALEN

ARNE J. MORTENSEN

Sagt om Rudi Gard

For Trondheimsolistene er det avgjørende å ha profesjonelle arrangører som kan ta imot prosjektene våre og samarbeide om å få publikum til å komme. Det vi opplever på Rudi Gard er helt i toppen av det vi finner av norske arrangører. Vertskapet, kompetansen, stedet, publikum, den unike kulturarenaen. Rudi Gard representerer på alle måter det som vi mener publikum ønsker å oppleve framover. Trondheimsolistene ønsker å presentere unike prosjekter, framført på unike steder, for å skape kulturopplevelser for folk! Rudi Gard sprenger grenser og skaper opplevelser som gjør at det er blitt en «snakkis» i norsk kulturliv.

Steinar Larsen, daglig leder Trondheimsolistene

Rudi Gard står for kvalitet og verdier som er i tråd med våre verdier, og bidrar til et imponerende mangfold av kultur, mattradisjoner og gode opplevelser til glede for både døler og tilreisende. Derfor samarbeider vi aktivt med Rudi Gard.

Adm banksjef Per Ivar Kleiven, Sparebank 1 Gudbrandsdal

Rudi Gard er jo ein kulturinstitusjon uttom det vanlege. Ein privat arrangør som tek ansvar og er ei vitamininnsprøyting for eit stort spekter av kulturuttrykk der det er heilt tydeleg at ein slettes ikkje berre går etter det mest lettselde og kommersielle, men jobbar for å vise at det litt utanfor allfarveg også kan funke kommersielt. Det er så moro og fint at nettopp ein privat aktør med risikoen på eigen rygg driv på denne måten.

Odd Nordstoga - artist

Oss e kjøle takknemmelege for å kunne feire den store dagen på Rudi Gard. Det va rett og slett vidunderlig. Planlegging og forberedelser va eit godt samarbeid med døkk og gjekk kjøle fint. Men gjennomføringa va over all forventning.

Både brudeparet og gjestein oss ha prata med følte at bryllupsfeiringa gjekk på skinner. Døkk ska ha en stor del tå æra for detta. I tillegg så var lokal mat, garden, vertskap og helhetsinntrykket tå så høg kvalitet at oss vart skikkeleg stolte tå å vise venner og familie kå fint et bryllup i Gudbrandsdalen er. Stor takk åt døkk. Døkk har en egen evne te å få folk te å føle se tilfreds.

Line og Sigurd, brudepar

Tusen takk for et helt fantastisk opphold på Rudi Gard! Konsert, forberedelser, gården og omgivelsene som ramme og det kulinariske, ja hele opplevelsen totalt sett var rett og slett makeløs for alle oss i NRK-flokken. Alt godt fra alle oss!

John Fullmann, KORK

Rudi gard fortjener all mulig vind i seilene. For en idérikdom og for et pågangsmot. Jeg heier på dere!

Ellen Horn – tidlegare kulturminister