For bedrifter
Vi tek ofte i mot bedrifter og organisasjonar til møter og kurs. Rudilåven er veleigna som kurslokal. Romsleg, med god takhøgde og godt teknisk utstyr. Mat og drikke serverer vi gjerne i lokaler ved sidan av låven, slik at dette ikkje hefter den faglege aktiviteten. Og Rudi ligg midt i dalen og køyreavstand er grei både frå sør og nord når deltakarar frå heile dalen skal samlast.
Ofte arrangert sjå oss for bedrifter:
Et godt måltid før forestilling/konsert.
Kurs/Konferanse/Møte
Jubileum
Dagmøte
For private
Mange vel å feire store dagar på Rudi. Vi har ofte private lag, og vi tek i mot bedrifter som rundar år og skal feire med gode tilsette og gjester. Den særprega stemninga som blir skapt i eit tradisjonsrikt gardstun og i særprega lokaler er noko mange sett ekstra pris på. Gode matopplevingar høyrer med, og med lang erfaring syter vi for ein regi slik at gjestene får ei oppleving som varer.
Ofte arrangert sjå oss for private:
Måltid
Bryllup
Jubileum
Bryllup
Vi står kvart år for fleire store bryllup, og det er trivleg å få bidra til feiring av ein av livets aller største dagar. Sør-Fron kyrkje ligg berre nokre kilometer frå Rudi Gard og er stasleg for bryllupsseremonien. Etter vigsla er bryllupsgjester velkome til mottaking på Rudi, i tunet eller innomhus om det høver betre. Bryllupsmiddagen foregår i ein festpynta låve, og utover kvelden og natta er det dans og trivleg samvær, kaffe og store kakebord, nattmat og felles glede over den store dagen!

Hei Nina og Øystein
Oss e kjøle takknemmelege for å kunne feire den store dagen på Rudi Gard. Det va rett og slett vidunderlig. Planlegging og forberedelser va ei eit godt samarbeid med døkk og gjekk kjøle fint. Men gjennomføringa va over all forventning.
Både brudeparet og gjestein oss ha prata med følte at bryllupsfeiringa gjekk på skinner. Døkk ska ha en stor del tå æra for detta. I tillegg så var lokal mat, garden, vertskap og helhetsinntrykket tå så høg kvalitet at oss vart skikkeleg stolte tå å vise venner og familie kå fint et bryllup i Gudbrandsdalen er. Stor takk åt døkk. Døkk har en egen evne te å få folk te å føle se tilfreds.
Mat til selskapet
I tillegg til egna lokaler for arrangement, så serverer vi også sjølsagt mat. Vi har ein eiga selskapsmeny, og ta kontakt med oss så sender vi deg denne.