TORSDAG 25. MAI KL. 20:30

Bjørn Tomren Trio

25.05.23

Bjørn Tomren – han var innom Rudi sist sommar, og det vart så morosamt at vi gjer dacapo med det same. Med unikt utrykk og eineståande formidlingsevne har Tomren på kort tid vorte folkeeige, og etter å ha gått til topps i NRK-serien Stjernekamp i 2021 vart han omtala som den mest særeigne artisten i Stjernekamp gjennom tidene.

Låtskrivaren og komikeren frå Tomrefjorden som også er kjent frå den notoriske jodle- og trekkspillduoen Polkabjørn & Kleine Heine. Dei har varma opp for a-ha! Tomren sitt musikalske univers spenner frå americana og religiøse folketoner til jazz, viser, jodling, strupesang, dialekt-punk og psykedelisk protestmusikk. Det må berre opplevast!

Billett: 490,-

Praktisk informasjon:
Dato:
25.05
Pris:
490,-
Konsertstart:
20.30
Ope gard:
18.00

Om Bjørn Tomren

Artisten, låtskriveren og komikeren Bjørn Tomren frå Tomrefjorden er kjent frå den notoriske jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn & Kleine Heine, som blant anna har varma opp for a-ha og vorte stjerner i dokumentarfilmen om seg sjølv «Kunsten å jodle».

I 2019 ga Bjørn ut sitt første album, «Bad Science Fiction» til overveldande kritikk. Avisa Bergens Tidende karakteriserte plata som «så mørk at ein kan drukne i den». Tomren sjølv kaller det dystopisk sci-fi country som du kan lytte til i bakrus.

Stjernekamp er ikkje første konkurransen Tomren gjer seg gjeldande. I 2017 deltok han på verdensmesterskapet i strupesang, og tok heim ein bronsehest. Han har også gjennomført fleire ekspedisjonar og har verdensrekorden i flest forseringar av Norge på langs; i kajakk, til fots, på ski og i robåt. Han kan også sjå attende på ei kort karriere som klovn. Eller som forfatteren Erlend Loe seier det: «Bjørn Tomren er ikkje berre ein gudbenåda musiker med fantastisk stemme. Han kan også sykle på eit hjul».