LAURDAG 3. AUG - KL. 20.00
Dølarockens festkveld
03.08.23
Dølarock er fellesarv med fanskare frå dei yngste til dei eldste, og med eit stort felles repertoar er det ikkje langt etter allsang og glede.
PROGRAM:
Kl 18.00 Middag (bordbestilling)
Kl 20.00 Konsert
Etter konserten blir det ei god pause før festen er i gang – ein fest som også er legendarisk!
Kl 22.00 Fest med Baksia, Arild Skar band og Fem modige menn
Billett: 390,- / 100,- u. 18 år
18 års aldergrense etter konserten
BAKSIA med unge solister
Baksia har vore fast på Rudi i august i over 20 år. No tek nye solistar plassen til nestor Trond Halle, men bandet, låtane og den legendariske stemninga – det er den same!
Fem modige menn
Det er akkurat det dei er, unge, ivrige og modige, og herleg fornyande med sine versjonar som glir sømlaust inn i ein god tradisjon. Ta vel imot unggutane frå Kvam – det er dei verdt! Med stor respekt for låtane tek Eskil Meldal og resten av bandet dølarocken vidare til ein ny generasjon.
Arild Skar band
Arild Skar – meir aktiv enn nokon gong, med publikum fråd ei yngste til dei godt vaksne. Han har vore ein del av musikkmiljøet i Gudbrandsdalen lenge og er ein av pionerane i dølarockmiljøet. Han har opptredd både som trubadur og med band i mange år, og produserer stadig nye songar på fronsdialekt. Saman med bandet sitt kjem han for å synge sine særeigne tekster om tida som var, gjerne i møte med den verda vi lever i dag. Draumane til Urban døl, og klassikaren Horten Hus blir framført i ny versjon. Låter, så som Slepp me te og Ongkar frå Lesja, har for vane å få allsangen til å ljome i veggane.
På scena:
Velkomé til feiring av dølarocken på Rudi!