FREDAG 3. MAI - KL. 19.00
Folkemusikklinja ved Vinstra VGS:
Vårkonsert og dans med Spira spelemannslag og gjester
03.05.24
For tredje år på rad inviterer Spira spelemannslag til vårkonsert på Rudi Gard!
Spira er landslinja i folkemusikk ved Vinstra VGS sitt eige spelmannslag. Dette skuleåret har Spira lært bort folkemusikk og folkedans til ungdomsskoleelevar, spelt konsert på Riksscenen og ikkje minst vore i studio i NRK folkemusikktimen. Dei avslutter året med vårkonsert med noko av repertoaret dei har spelt i år.
Som tidlegare får Spira besøk av både senior og junior spelemannslag som spelar opp etter konserten. Ingen grunn til å sitta heime denne fredagskvelden - velkomé!
Billettsalg i døra | kr 190,- / gratis u. 18 år


Besøk oss:
Rudivegen 40,
2647 Sør-Fron
Vi er tre generasjonar som bur på Rudi, og saman med trivlege medhjelparar likar vi å få gjester til gards. Visjonen er å bidra til at Gudbrandsdalen blir betre og meir interessant for oss som bur her, for hyttefolk og tilreisande. Les meir om oss
