FREDAG 22. - SØNDAG 24. AUG

Nygaard-festivalen 2025:

Spel- og dansetreff på Rudi – til Jon Faukstad si ære!

22. - 24.08.25

Oddvar Nygaard var den fremste trekkspelaren i Gudbrandsdalen i si samtid. Frå starten dyrka han eit breitt repertoar med underhaldningsmusikk og klassiske verk, og han etablerte slåttestilen innan gamaldansen. Til stor jubel, stappfulle hus, Spellemannspris og heider og ære. Det skulle berre mangle om ikkje Oddvar vart heidra med ein eigen festival i heimbygda, og her er den.

Oddvar inspirerte og var kjend med mange, og festivalen skal også heidre andre markante tradisjonsbærarar.

Vi inviterer til spel og dans, campingliv og natterangling – om du vil!

Fredag 23. august - Oppspel, jubileumskonsert og dans

Kl 19.00 «Jubileumskonsert - Fron Trekkspelklubb 50 år»

Oddvar Nygaard gjorde opptakta til Fron Trekkspelklubb i 1975, og han var musikalsk leiar til han gjekk bort i 1985. Denne kvelden står Fron trekkspelklubb I sentrum. Ved sidan av jubilanten får vi oppleva markante utøvarar som helsar ved 50-årsmarkeringa. Trekkspelklubbar kjem frå Lillehammer, Lom, Vågå, Lesja, Folldal, og Lom Toradergruppe, Moss Spelemannskompani, Pianokameratene og Kvarts blir også å høyre. Håkon Sveen og Rasmus Stauri framfører skråblikk på historia til trekkspelklubben, og trekkspel og gammaldans i det store bildet.

Kl 21.00 Dans til påmeldte grupper og lag

Aktørane som var med i konserten klemmer til med solid dansemusikk både i fjoset og i Rudilåven.

Laurdag 24. august - Festivaldag med konsertar, historier og dans.

Kl 09.00 Frokost i Rudilåven

Kl 12.00 Formiddagsdans i Rudilåven

Skrot og Ovrums kvintett spelar opp kvar si økt til formiddagsdans. Dans som du kan, eller få gode tips av nokre av landets aller fremste dansarar.

Kl 14.00 Faukstad-bonanza – allspel

Sosialt samspel der alle er velkomne til å delta, og publikum er invitert til å høyre på. Vi plukkar ut kjende låtar frå Jon sitt gammaldansrepertoar og køyrer allspel på svensk maner. Om du ikkje kan alle låtar er det berre å ta på sordinen eller ta pause til neste låt. Økta blir avslutta med gjennomspeling av felleslåtane til spelemannsmessa i Sør-Fron kyrkje søndag, der også alle er velkomne til å ta med instrument og bidra.

Kl 15.30 «Jon Faukstad - pioner og spelmann av breitt format» - ein samtalekonsert

Jon Faukstad er både tradisjonsspelmann og den som har brøyta veg for trekkspelet som konsertinstrument. Denne utrulege reisa vil gje gløtt inn i både gjennom prat, musikk og bilde på storskjermen.

Gjester i sofaen er Jon sjølv, Aslak Brimi, Tom Willy Rustad, Kristina Farstad Bjørdal og eit par til som du vil koma til å like!

Kl 17.00 Ungdomskonserten 2025

Eftaskonserten med musikanter og dansere under 25 år. Alle instrument er velkomne, og Sparebank 1 Gudbrandsdasl bidreg med ei hyggeleg påskjønning til den framføringa som gjer sterkast inntrykk. Programleiar er Odd Arne Halaas

Kl 19.00 Festkonsert for Jon Faukstad

Tidlegare studentar av Jon Faukstad, og nokre som ikkje har vore det går i lag om ein stjernespekka festkonsert til ære for Jon. Det blir både solistar og samspel mellom Jo Asgeir Lie, Per Arne Glorvigen, Brodd – Aslak Brimi, Steinar Odde, Henning Lad og Irene Tillung, Mads Erik Odde og Geir Marius Thorud, Simen Håland, Ole Nilssen, Pianokameratene, Kristina Farstad Bjørdal og Britt Elise Skram, Nye Ringnesin, Frode Haltli, Mukampen Spelmannslag og Skrot

Kl 21.00 Dans i Rudilåven og i fjoset til påmeldte grupper og lag.

Festkveld i Rudilåven og i fjoset med Ovrums kvintett, Nye Ringnesin, Brodd, Pianokameratene, Farstad Bjørndal & Skram, Haltli Familieorkester, Odde/Nilsen/Thorud, Sør-Fron Spelemannslag, Ruggein, Moss Spelemannskompani, Mukampen Spelemannslag

Søndag 25. august

Kl 12.00 Spelemannsmesse i Sør-Fron kyrkje

Spelmannsmesse er ei oppleving og kyrkja er ein flott samarbeidspart for festivalen. I år vil folkemusikkliturgien som Jo Asgeir Lie har komponert bli brukt. Spelmenn som er på festivalen, og fleire av Jon Faukstad sine studentar er med og løfter kyrkjetaket med himmelsk spelmannsmusikk.

Velkomen til spelemannsmesse! Gratis inngang.

Program:

Gjennomgang kr 600,-

Fredagsbillett kr 300,-

Laurdagsbillett kr 300 - 450,-

Reduserte prisar for ungdommar mellom 18 og 25 år.

Gratis under 18 år.

Billettar:

Det blir som tidlegare høve til å reservere plass for telt, campingvogn eller bobil ved tunet på Rudi Gard, og det finst flust med overnattingsstader i området.

Camping rett ved Rudilåven kr 1000 pr vogn for helga inkl strøm. Telt gratis.

Reserver plass til oystein@rudigard.no

Meir om andre overnattingsmoglegheter finn du her!

Overnatting