Gardsovernatting - Rudi Gard

Overnatting

Opplev Gudbrandsdalen og Rudi på sitt aller beste.
Vi tilbyr overnatting kring gardstunet og på setra ved Gålå. 

Kva med ei natt eller tre i tømmerstabbur med alle fasilitetar? Eller i ei romsleg gardsleiligheit, romantisk setertun eller eit historisk eldhus? Kva med ei natt eller tre i tømmerstabbur med alle fasilitetar? Eller i ei romsleg gardsleiligheit, romantisk setertun eller eit historisk eldhus?

Vi har senger til utleige både på garden og på Rudisetra. På garden bor du midt i det Gudbrandsdalske kulturlandskapet, med åkrar, beiter, og stiar på kryss og tvers. Og med kort avstad om du skal på konsert eller middag i Rudilåven. Setra ligg idyllisk mellom Gålåvatnet og Valsvatnet, med dyr på beite og morgodukkert i Valsvatnet som ein frisk start på dagen.

Rudisetra

Valseter ligg rett ved skiløypenettet på Gålå, 20 minutt i bil frå Rudi Gard. Her bur du fredeleg i setergrenda mellom to idylliske fjellvatn. Kort veg til ei rekkje aktivitetar sommar og vinter. Setra ligg like ved høgfjellsscena der Peer Gynt samlar teaterinteresserte kvar haust i august. Alle hyttene har innlagt strøm, dekketøy, kjøleskap og kokemoglegheiter, radio og sengetøy.

Overnatting på garden

Rudi Gardshotell ynskjer velkomen til høgstandard suite og dobbeltrom, i nyrenoverte stabbur og gardshus kring tunet på Rudi. Bad med toalett og dusj tilknytta alle einingar. Nokre òg kjøken for sjølvhushald. På Rudi Gardshotell vaknar du i historiske omgivnader med moderne komfort.  

Fullt på Rudi Gardsovernatting? Vi har gode naboar!

Finn du ikkje ledige sengar på Rudi Gardshotell? Kring oss tilbyr gode samarbeidsbedrifter hotell eller høgstandardhytter for sjølvhushald. Dei er alle lokalisert innafor rimeleg køyreavstand frå Rudi Gard. Meir info og booking gjer de direkte:

Sygard Grytting

Eventyrlige opplevelser

Hundorp Dale Gudbrands Gard

Wadahl Høgfjellshotell

Skåbu fjellhotell

Rondablikk Høyfjellshotell

Offentlige medspelarar:

100% Lågå i Vågå av OffCenit || Farge og typografi: Trollbinde