TYSDAG 28. MAI - KL. 20.30

Randi Marie med band

28.05.24

Randi Marie Steig er songar og låtskrivar heimafrå, og med si varme stemme og gode formidlingsevne fortel ho ekte og ærlege historier frå livets tallrike sider. Frå før har ho gjeve ut det engelske albumet «Safe Place» frå 2017, samt fleire norske singlar dei siste åra.

Randi Marie er no aktuell med singelen "Åpne ei dør", i lag med eit solid band beståande av gitarist Erik Granlien, bassist Pål Erik Jensen, trommeslagar Kai Harald Skriubakken og Elisabeth Krohn Skriubakken på perkusjon. Saman har dei skapt eit spennande og unikt uttrykk, frå sarte balladar til fengande rytmar, med tonar frå country, pop og rock.

Billett kr 290,-

Randi Marie Steig med band
Randi Marie Steig med band