LAURDAG 1. JUNI - KL. 21.00

Såmmårfest med Hillbabies og VON

01.06.24

Gudbrandsdalsbanda Hillbabies og VON gjestar Rudilåven med drivande folkeleg rock’n roll denne første laurdagen i juni.

Hillbabies har som navnet seier henta inspirasjon frå orginalen i Hallingdal, og det gjer dei på ein særs overbevisande måte. VON kjem med eigne låtar, og det let som ei kule når dalens mest erfarne rockarar dreg i gang til såmmårfest!

Billettsalg på Ticketmaster og i døra | kr 390,-

18 års aldersgrense

Hillbabies - ein hyllest til Hellbillies

HILLBABIES er ein rutinert gjeng musikere frå Gudbrandsdalen, som har stor glede av å møtast og framføre Hellbillies sine låtar. Hellbillies har gitt oss godfølelsen langt inn i ryggmargen, så nå er det på tide at nokon hyller bandet og låtane, seier karane i bandet. Av dei fjorten albuma til Hellbillies har bandet plukka favorittane sine heilt frå det første albumet Sylvspente boots som kom ut i 1992, og fram til det siste kritikerroste albumet Søvnlaus, som kom i 2016. Respekten for originalen og låtane er stor, og med hyllesten til orginalen får Hallingdal har HILLBABIES vorte ein publikumsyndling!

HILLBABIES er:

Simen Bjørkli Stubbrud - gitar/mandolin/vokal

Erlend Trinerud Rognlien - gitar

Steinar Flatemo – piano/orgel/trekkspill/vokal

Svein Ivar Sæther – trommer

Tormod Myrvang – vokal/bassgitar

VON

Frå hjartet av Heidal tek VON oss med på ei musikalsk reise gjennom rocka countryterreng med heidølsk vri. Som dei seier det sjølve:

På scena:

VON sin musikk tek de mæ heile tur’n frå varsomt mjuk, via slentrande, te breidbeint ståande mæ høg brystkasseføring. Når så i tillegg det rotnorske bli representert både i tekstle innhøyll og form, så bli det heile ei folkele upplevels det lufta gras og bensin tå!

Velkomé til såmmårfest på Rudi!