LAURDAG 14. NOV - KL. 12.00
Svensk – Norsk lasskjørar og spelmannstreff
14.11.2026


14. november samlar vi hestar, spelfolk og forteljarar til ein heil dag og kveld på Rudi. Fron Lasskjørarlag feirar 20 år med lasskjøring i tunet, bålkaffe, foredrag og bilete frå vinterturane til Røros. Om kvelden møtest spelfolk frå Sverige og Noreg til spelmannstreff, dansekonsertar og allspel. Rudikjøkenet byr på middag, og vi dansar både i fjoset og i låven langt utover kvelden.
Inngang
Dagprogrammet er gratis. Frå kl. 16.00 kostar billetten 290 kroner, og då får du heile kvelden med.
Ungdom til og med 25 år betaler 100 kroner. Har du med instrument og spelar, kjem du inn gratis!
Billettinntektene dekkjer kostnadene til arrangementet. Har vi pengar att etterpå, brukar vi dei på nye spelmannstreff!
Dagprogram i tunet og låven
Kl. 12.00 – Hest og lasskjøring i tunet
Fron Lasskjørarlag stiller med hestar og reiskap, og vi kokar bålkaffe i tunet. I låven spelar spelmenn og -kvinner frå Dalarna, Røros, Østerdalen og Gudbrandsdalen.
Kl. 13.00 – «Der vintervegane vart til musikk og gode historier»
Kva har Carl Michael Bellman, Petter Dass, Christian Krohg, Gustaf Fröding og Johan Falkberget med lasskjøring å gjera? Sigurd Svendsen er lasskjøraretnolog og leiar for Forbondeunionen i Noreg og Sverige. Du må leite lenge for å finne nokon som kan meir om lasskjøring. For eit enormt arbeid gjennom fleire tiår fekk Sigurd og Forbondeunionen Riksantikvarens kulturvernpris.
Kl. 14.00 – Fron Lasskjørarlag: 20 år med vinterturar til Røros
Lasskjørarlaget feirar 20 år, og her får du forteljingane, musikken og bileta frå vinterturane gjennom Rondane, Atndalen og Nord-Østerdalen til Bergstaden.
Frå kl. 14.30 – Middag frå Rudikjøkenet
Akustisk scene i fjoset
Kl. 14.30 – Leif Inge Schjølberg, Roald Renmælmo og Mattias Helje
Kl. 15.30 – Alvdalsleikar med Kjernmoen & Lilleggen
Kl. 20.30 – Anders Bjernulf, Fredrik Lindh, Täpp-Jenny og Johan Nylander: låtar frå Dalarna og Hälsingland
Kl. 21.30 – Magne Haugom og vener: Rørosspel
Kl. 22.30 – Open scene
Kveldsprogram i Rudilåven
Kl. 17.00 – Svensk-norsk spelmannstreff
Spelmenn, musikk og historier som vandrar langs ferdavegen. Med Fredrik Lindh frå Hälsingland, Anders Bjernulf, Stig Ivars, Täpp-Jenny og Johan Nylander frå Rättvik, Göran Håkanson frå Värmland, Magne Haugom frå Røros, Olav Kjernmoen og Olav Lilleggen frå Alvdal, Mattias Helje frå Lima, Roald Renmælmo frå Målselv, og Leif Inge Schjølberg, Marie Skavnes, Roger Slåstuen, Geir Thorud og Øystein Rudi frå Gudbrandsdalen.
Kl. 19.00 – Plateslepp og dansekonsert med Nye Ringnesin
Nye Ringnesin har nettopp gitt ut plata «Ære», den første på 27 år. Vi feirar med dansekonsert.
Kl. 20.00 – Halvraske menn spelar opp til dans
«Halvrask» er kanskje å ta i, men spela kan dei!
Kl. 21.00 – Mukampen Spelmannslag
Mukampen samlar spelmenn frå Fronsbygdene og Heidal, og dei spelar ofte og gjerne både til konsert og dans.
Kl. 22.00 – Marie Skavnes og vener
Marie Skavnes kjem frå Romsdalen og budde fleire år i Sverige. Ho tek med seg eit knippe gode medspelarar.
Kl. 23.00 – Allspel
Alle er velkomne til å spela med. Kjende låtar, mange spelmenn, og dansen held fram 😊
Kl. 24.00 – Open scene
Besøk oss:
Rudivegen 40,
2647 Sør-Fron
Vi er tre generasjonar som bur på Rudi, og saman med trivlege medhjelparar likar vi å få gjester til gards. Visjonen er å bidra til at Gudbrandsdalen blir betre og meir interessant for oss som bur her, for hyttefolk og tilreisande. Les meir om oss
Rudi Gard v/ Øystein og Nina Rudi | Org. 987919043 MVA
